Nytilsett skulefagleg ansvarleg

Svein Carlos Nilsen Gjil byrjar som ny skulefagleg ansvarleg i Vindafjord kommune frå 1.august, han erstattar Leiv Karsten Medhaug, som går av med pensjon 1.juli. 

Klikk for stort bilete

Gjil kjem frå stillinga som rektor på Vikedal skule, der han har jobba i to år. Før det var han rektor på Sand skule i Suldal kommune i fire år. Han har også jobba som lærar i mange år på Hjelmeland skule. Han har master i skuleleiing i tillegg til andre spanande vidareutdanningar som han får veldig god nytte av i denne jobben. 

Me ønskjer Svein Carlos velkommen i si nye rolle frå august av og ønskjer Leiv Karsten lukke til som pensjonist.