Nye inspektørar på Ølen skule

Ølen skule har tilsett to nye inspektørar, Georg Opsal (49) og Annika Andreassen (47), begge to er erfarne lærarar og har jobba mange år på Ølen skule.

Gro Anett Espevoll

Georg Opsal (49) starta i januar som inspektør for ungdomstrinnet på Ølen skule. Fram til juni 2023 har han vikariert for Pål Askvig. Frå august 2023 er Georg fast tilsett i stillinga.

Georg Opsal Gro Anett Espevoll

Annika Andreassen (47) startar opp 1.august i stillinga som inspektør for 1-7.klasse.

Annika Andreassen Gro Anett Espevoll

Både Georg og Annika er erfarne på skulen og har jobba mange år som lærarar. Annika har hatt rolla som sosiallærar. Begge to har eit brennande engasjement for å støtte/hjelpe og utdanne barn og unge. Me gler oss å starte skuleåret med desse flinke folka på lag!

Me vil nytta høve for å takke Pål Askvig og Sonja Lærdal lukke til i nye jobbar. Pål som kommunal IKT- og utviklingsrettleiar og Sonja som PP-leiar. Som inspektørar har dei vore del av leiargruppa på Ølen skule, Pål i 15 år og Sonja 4 år. Takk for godt engasjement, løysingsorientert leiing og stort pågangsmot.

Velkommen til våre nye inspektørar.