Nye forskrifter for private barnehagar på høyring

Stortinget har vedteke endringar i barnehagelova og tilhøyrande finansieringsforskrift. Ei av dei viktigaste endringane er at kommunane ikkje lenger skal fastsetje grunntilskot til private barnehagar gjennom årlege enkeltvedtak. 

Frå og med tilskotsåret 2027 skal satsane og berekningsgrunnlaget i staden fastsetjast og kunngjerast i lokal forskrift. 

Kommunen kan òg fastsetje reglar for rapportering av talet på barn og årsverk i eigne lokale forskrifter.

Vindafjord kommune legg to forskrifter ut på høyring: 

Forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar i Vindafjord kommune for 2027 (PDF, 264 kB)

Forskrift om rapportering av talet på barn og årsverk for private barnehagar i Vindafjord kommune (PDF, 241 kB)

Barn i barnehage - Klikk for stort bilete Pexels

Høyringsdokument:

Høyringsbrev - Forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar i Vindafjord kommune for 2027 (PDF, 271 kB)

Berekninga av satsane går fram av berekningsgrunnlaget, som vert sendt til kvar einskild privat barnehage i høyringsperioden.  

Høyringsbrev- Forskrift om rapportering av talet på barn og årsverk for private barnehagar i Vindafjord kommune (PDF, 256 kB)

Kven kan gi innspel?

Private barnehagar, organisasjonar og andre aktuelle partar kan kome med innspel.

Høyringsfrist:

Fristen for å sende innspel er 27.august 2027.

Innspel kan sendast til:
E-post: postmottak@vindafjord.kommune.no
Postadresse: Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Me tar sikte på å behandle forskriftene i kommunestyret 13.oktober. 

Meir informasjon her: 

Beregning av tilskudd til private barnehager - Hjem