Når må barnet bli heime frå barnehagen?

Barn blir utsett for mange ulike typar smitte. Lurer du på om barnet ditt må vera heime frå barnehagen for å forhindra spreiing av smitte?

Bilde av foreldre som tar feberen på ei lita jente - Klikk for stort bilete ExergenCorporation@Pixabay

Vanlegvis vil allmenntilstanden avgjera om barnet bør vera heime frå barnehagen i ein periode. For enkelte smittsomme sjukdomar kan det imidlertid vera naudsynt å halda barnet heime for å hindra spreiing av smitte til andre.

Folkehelseinstituttet har god informasjon om korleis ein skal forholda seg til følgande sjukdommar: 

  • Brennkoppar
  • Diare
  • Feber
  • Hodelus
  • Kikhoste
  • Barnemark
  • Norovirus/sapovirusinfeksjon
  • Ringorm
  • Forkjølelse og andre luftvegsinfeksjonar
  • Skabb
  • Smittsom hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom)
  • Vannkoppar
  • Øyrebetennelse
  • Augekatarr
     

Nettlenke til informasjonsside frå Folkehelseinstituttet