Litterære pusterom - les i lag

Vindafjord bibliotek startar i haust opp med «Litterære pusterom – les i lag». Ein vil ha tilbodet på biblioteket ein periode, men biblikoteket ynskjer også å bringe tilbodet ut til andre stadar i kommunen.

Pixabay

Bilioteket har planar om ha kveldar i haust der dei avviklar eit litterært pusterom fyrst for born/unge (ca.7.-10. klasse), og deretter for vaksne. Til skulane kan biblioteket tilby besøk på skulen, der ein av biblioteket sine utdanna leseleiarar har eit litterært pusterom for ei gruppe elevar i til dømes ein norsktime/fritime eller liknande.

Biblioteket har eit avgrensa tal på kor mange litterære pusterom ein kan tilby, slik at her blir det «fyrste mann/kvinne til mølla» som gjeld.

"Litterære pusterom – les i lag" er tufta på det britiske konseptet «Shared reading». Det vil seie at ein les, lyttar og pratar om ein tekst som leseleiar på førehand har vald ut. Tekstane vert delte ut i starten. Leseleiar les deretter teksten høgt, stoppar undervegs i teksten og opnar for samtale. På denne måten opnar ein for ei betre forståing av innhaldet/tematikken i teksten, samt at ein kan få gode samtalar om opplevingar og erfaringar. Det er ikkje meininga at ein skal analysere teksten i desse samtalene.

Ynskje de meir informasjon, eller har lyst til å avtala eit besøk, ta kontakt med: 

Biblioteksjef Silje Holden Birkeland
Tlf: 53 65 58 61 / 46 74 54 81
E-post: silje.holden.birkeland@vindafjord.kommune.no