Vikebygd barnehage har starta eit nytt og spennande tiltak for å styrka lesegleda og språkutviklinga hos dei minste: utlån av leseposar til heimane.
– Me har mange bøker i barnehagen, og no har me pakka tre bøker og ein lesebamse i kvar pose. Føresette kan saman med borna låne med seg ein pose heim, og når dei er ferdige, leverer dei tilbake og finn seg ein ny, fortel Hilde Bjelland Abelseth, einingsleiar og rektor ved Vik oppvekstsenter.
Ho understrekar at om ei bok eller ein bamse skulle forsvinne, er det heilt pårekneleg.
– Det er så viktig at foreldra les for borna sine. Å lese for borna er noko av det mest verdifulle ein kan gjera for å støtte utviklinga deira. Det gir mykje meir enn ei koseleg stund i sofakroken, seier Abelseth.
Ho peikar på fleire fordelar:
- Språkutvikling
- Stimulering av fantasi og nysgjerrigheit
- Evne til å følgje med og reflektere
Ei lesestund skaper nærleik, tryggleik og fellesskap mellom barn og vaksen. For mange er dette ei av dei viktigaste stundene på dagen. Barn som blir lese for, har eit betre utgangspunkt når dei sjølv skal læra å lese.
– Å lesa treng ikkje ta lang tid, men det er ei av dei beste gåvene du kan gi dei små, seier Abelseth.
Emma Gangstø og Marie Tveit saman med assistent i barnehagen, Beate Dommersnes.
Vikebygd barnehage
Foreldra er begeistra
Mamma til Emma, Marte Gangstø, deler si erfaring:
– Me synes det er eit kjempe stilig konsept! Det blir ofte til at me leser dei same favorittbøkene heime, men med leseposen så er det ekstra stas å dra nye bøker opp av posen.
– Emma gledar seg kvar gong ho skal plukke ein ny lesepose, og så er det òg veldig spennande å sjå kva bamse som blir med heim. Den heldige bamsen som blei med heim denne gong har fått sitt eget hus i papp. Emma klipper, limer, teiper og målar både morgon og kveld, slik at bamsen kan bu godt medan han er på lån hos oss. Og så er huset klart til neste bamse som kjem på besøk.