Kvalitetsmeldingar på agendaen i OPOM

I dag blei to viktige rapportar for barn og unge behandla i OPOM, kvalitetsmeldinga for barnehage/skule og tilstandsrapporten for Etne og Vindafjord barnevernsteneste 2022.

Barnevernsleiar Turid Askeland svara på spørsmål frå OPOM på tilstandsrapporten for 2022 Nils Erik Eide

Politikarane stilte avklarande spørsmål til barnehage- og skulesjef og barnevernsleiar under behandlinga av dei to tilstandsrapportane på OPOM i dag. Begge rapportane skal til vidare behandling i kommunestyret 28.03.23. I tillegg til desse to sakene var det orientering frå kommunalsjefane i helse/omsorg og oppvekst, samt vanlege saker som referatsaker og grunngitte spørsmål/interpellasjon (her var det ikkje kome inn noko). Her kan du sjå sakslista.

Barnehage- og skulesjef Svein Carlos N. Gjil hadde ein kort presentasjon av kvalitetsmeldinga før politisk behandling. Nils Erik Eide

Les rapportane her:

 Kvalitetsmelding barnehage og skule 2022

Tilstandsrapport barneverntenesta i Etne og Vindafjord 2022