Konstituert einingsleiar i Vats barnehage

Inger Kathrine Sundve overtek leiarrolla i Vats barnehage. Ho vert konstituert ut barnehageåret 2023/24. 

Inger Kathrin Sundve, barnehagefagleg ansvarleg - Klikk for stort bileteInger Kathrine Sundve blir ny einingsleiar i Vats barnehage ut barnehageåret 2023/24. Ellen Marie Hagevik

Rana Sadiq Hamid, som har vore einingsleiar sidan januar 2022, har sagt opp og skal ta til med nye utfordringar i ein annan kommune. 

Inger Kathrine skal kombinere denne jobben med si rolle som logoped i kommunen. Sundve har tidlegare erfaring som styrar i mange år. Ho har også jobba i over ti år som barnehagerådgjevar. 

Oppvekstkoordinator-rolla får ho permisjon frå i desse månadane, det vert jobba med å fordele oppgåvene internt. 

Les meir om Vats barnehage her