Kommunestyret vil ha barnehage og skule i kvar bygd

I kommunestyret 21.06.22 skulle den endelege avgjerda i barnehage - og skulebruksplanen takast. Fleirtalet stemde for barnehage og skule i kvar bygd. 

Fleirtalet stemde ikkje for kommunedirektøren sitt forslag om å leggja ned Imsland og Bjoa skular Nils Erik Eide

Debatten varte i heile to og ein halv time, og då avstemminga skulle gjennomførast vart det altså  fleirtal for å behalda skulane i Imsland og Bjoa. 

Les heile vedtaket her: 

  1. Kommunestyret vedtek følgjande framtidige struktur for kommunale barnehagar og skular i Vindafjord kommune
    • a. Skular med 1. til 10. trinn i Skjold, Ølen og Vikedal
    • b. Oppvekstsenter (skule for 1. til 7. trinn og barnehage) i Sandeid, Vikebygd, Vågen, Bjoa og Imsland
    • c. Oppvekstsenter (skule for 1. til 7. trinn og barnehage) i Vats, eller skule 1. til 7. trinn og ein privat barnehage i Vats jf. pkt. 3 a) og b)
    • d. Kommunal barnehage i Skjold
  2. Kommunestyret vedtek fylgjande organisatoriske endringar frå skuleåret 2023-24:
    • a. Sandeid skule og Sandeid barnehage vert organisatorisk slått saman til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing.
    • b. Vågen skule og Vågen barnehage vert organisatorisk slått saman til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing. 
    • c. Ved framleis kommunal drift av Vats barnehage, vert denne flytta til området ved Vats skule/Vindafjordhallen, og organisert saman med Vats Skule til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing, jf. pkt 3 a) og b). 
    • d. Dei andre skulane og barnehagane vert drifta som i dag
  3. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å
    • a. Gå i dialog med den private barnehagen i Vats for å avklara om ein barnehage i Vats skal driftast av kommunen eller av private. Ved kommunal drift av barnehagen i Vats, skal denne lokaliserast til området ved skulen/Vindafjordhallen og organiserast som eit felles oppvekstsenter i Vats. Det bør i framtida berre vera ein barnehage i Vats.
    • b. Vurdera om ein eventuell ny kommunal barnehage i Vats kan byggjast inn i det eksisterande skulebygget, eller om den skal byggjast som eit nytt separat bygg plassert på kommunen si tomt ved skulen/Vindafjordhallen. Dersom nybygg, skal det takast omsyn til andre bygg som kan vera aktuelle i dette området, t.d. ein ny barneskule. Økonomiske og miljømessige omsyn ved  rehabilitering og nybygg skal vurderast. Kommunedirektøren legg fram sak om dette for kommunestyret
    • c. Leggja Vats Barnehage ut for sal når nytt barnehagebygg (privat eller kommunalt) er på plass 
    • d. Leggja fram ein plan for oppussing/oppgradering av bygningsmassen som vert nytta til skule- og barnehagedrift, slik at denne møter framtidige behov både når det gjeld arbeidsmiljø, miljøretta helsevern, pedagogisk utvikling og generelle miljøomsyn. 
      Kommunedirektøren skal leggja fram ei sak til kommunestyret med ei prioritering av tiltak. Plan for gjennomføring og midlar til tiltaka blir vurdert årleg i budsjett- og økonomiplanen.
    • e. Vurdera skulebussrutene saman med Kolumbus, med føremål å optimalisera i forhold til kjøreog ventetid for elevane
    • f. I samråd med einingane legge til rette for erfarings- og kompetansedeling mellom tilsette, både internt i kommunen og med eksterne
    • g. I samråd med einingane legge til rette for deling av fagressursar innad i kommunen
  4. Kommunedirektøren oppdaterer planframlegget for barnehage- og skulebruksplan i samsvar med pkt. 1.

Sjå opptak frå kommunestyremøtet 21.06.22 her.