Klar for ny jobb på Bjoa

Kjetil Andre Skartland har denne veka starta i ny jobb som einingsleiar for Bjoa oppvekstsenter. Han kjem frå jobben som lærar på Vågen skule.

Kjetil Andre Skartland er klar for ny jobb som einingsleiar på Bjoa oppvekstsenter Nils Erik Eide

Han ser fram til denne nye utfordringa, og ser fram til oppstarten saman med tilsette og barn/elevar.

I dag har han hatt besøk av barnehage og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide som ønskte han velkommen som einingsleiar i kommunen med å overrekkja han ein orkide som han kan ha på sitt nye kontor. Skartland skal bruke tida godt fram mot planleggingsdagar om fjorten dagar.

- Dette blir veldig spanande, eg gler meg, seier vår nye einingsleiar på Bjoa oppvekstsenter Kjetil Andre Skartland.

Kjetil Andre Skartland til venstre fekk i dag besøk av barnehage og skulesjef Svein Carlos N. Gjil og kommunalsjef Nils Erik Eide (fotograf) Nils Erik Eide

Nytt namn på eininga

Same dag som Kjetil Andre Skartland byrja i ny jobb som einingsleiar på Bjoa oppvekstsenter har eininga fått nytt namn. Tidlegare heitte eininga Bjoa skule og barnehage, no heiter den altså Bjoa oppvekstsenter. Den same endringa har også blitt gjort på Vik og i Imsland. I tillegg har Sandeid og Vågen no blitt oppvekstsenter, der det tidlegare var både skule og barnehage. 

Les også: Ny einingsleiar Bjoa skule og barnehage