Innstillinga til kommunedirektøren er klar

Ny barnehage- og skulebruksplan har verkeleg engasjert bygdene. Engasjementet og dei vel 400 høyringsinnspela blir også tatt omsyn til i kommunedirektøren si endelege innstilling.

Kommunedirektør Ynge Folven Bergesen framfor rådhuset i Ølen. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Ynge Folven Bergesen. Ellen Marie Hagevik

For kommunedirektøren er det avgjerande at den framtidige strukturen for oppvekstsektoren i Vindafjord kommune gir ei fagleg sterk plattform for både barn, elevar og tilsette, samt legg til rette for ei god utvikling i lang tid framover.

– Løysinga må ta høgde for dei endringane av demografien me ser ligg framfor oss, og ta høgde for dei økonomiske prioriteringane og omprioriteringane desse endringane gjer naudsynt. Løysinga må heller ikkje vera til hinder for vekst og utvikling i heile kommunen, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.

Heilskapleg vurdering 

Kommunedirektøren er framleis er av den oppfatning at ei løysing med ein felles ungdomsskule og tre 1-7 skular, samt tre kommunale barnehagar, gir den fagleg sett beste løysinga. Men det er andre moment som gjer at denne løysinga ut frå ei heilskapleg vurdering likevel ikkje vert tilrådd.

– Prosessen med folkemøte og høyringsinnspel viser mellom anna at denne løysinga i liten grad har støtte blant innbyggarane. Det er også ei løysing der den økonomiske gevinsten blir forholdsvis liten på grunn av finansieringskostnadane ved bygging av ein ny ungdomsskule, seier Folven Bergesen.

Når han likevel tilrår å legga ned to av skulane, Bjoa og Imsland, er det fordi desse er dei minste skulane med ei todeling av «fådelinga». Både kjente fødselstal og prognoser viser ein forventa vidare nedgang i elevtalet dei næraste åra.

Innstillinga

Kommunedirektøren tilrår følgjande endringar i struktur og organisering frå og med oppstart av barnehage- og skuleåret 2023/24:

1. Bjoa skule blir lagt ned, og elevane ved Bjoa skule blir overførte til Vågen skule. Bjoa barnehage tek i vare funksjonen som SFO på Bjoa.

2. Imsland skule blir lagt ned, og elevane ved Imsland skule blir overførte til Vikedal skule. Imsland barnehage tek i vare funksjonen som SFO i Imsland.

3. Bjoa barnehage blir drifta i dagens bygg som ei avdeling under Vågen barnehage.

4. Imsland barnehage blir drifta som ei avdeling under Sandeid barnehage, og det må avklarast om det er meir formålstenleg å drifta barnehagen i bygdahuset heller enn i dagens bygg

5. Det må avklarast, i dialog med den private barnehagen i Vats, om drift av barnehage der skal vera privat eller kommunal. Ved framleis kommunal drift av Vats barnehage, blir denne flytta til området ved Vats skule og organisert saman med Vats skule til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing. For Vats skule blir det gjennomført ei vurdering av ei totalt rehabilitering eller bygging av nytt bygg til skule (og eventuelt barnehage).

6. Sandeid skule og Sandeid barnehage blir organisatorisk slått saman til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing.

7. Vågen skule og Vågen barnehage blir organisatorisk slått saman til eit oppvekstsenter, slik at barnehagen og skulen får felles leiing.

8. Øvrige einingar blir drifta som i dag: 

  • Vikedal skule (1-10 skule)
  • Skjold skule (1-10 skule)
  • Ølen skule (1-10 skule)
  • Vikebygd skule og barnehage (1-7 skule)
  • Skjold barnehage

I tillegg til dette kjem dei private barnehagane i kommunen.

Det må vidare utarbeidast ein plan for oppussing og oppgradering av bygningsmassen som vert nytta til skule- og barnehagedrift. Denne planen må møta framtidige behov både når det gjeld arbeidsmiljø, miljøretta helsevern, pedagogisk utvikling og generelle miljøomsyn.

Her kan du lesa heile saka (PDF, 2 MB)

Politisk behandling

Saksframlegget for den politiske behandlinga blir lagt fram for politikarane og andre interesserte i løpet av ettermiddagen onsdag 4. mai.

Det er lagt opp til

  • behandling i ungdomsrådet 19. mai.
  • behandling i integreringsrådet og rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne 24. mai.
  • behandling i OPOM og DUK 30. mai.
  • formannskapet 31. mai.
  • endeleg vedtak i kommunestyret 21. juni.