Informasjon om bemanningssituasjonen i barnehage og skule

Fleire av einingane innan oppvekst har for tida utfordringar knytt til nok bemanning. Fråvær kombinert med lite vikarar er utfordrande. 

Barnehage - og skulesjef Svein Carlos N. Gjil er bekymra med tanke på den krevjande situasjonen barnehage og skule har i samband med å få tak i nok arbeidskraft. Nils Erik Eide

På lengre sikt har ein på fleire einingar planar som vil gjera einingane meir robuste,  men per no har det vore krevjande å oppretthalde normal drift  i fleire av barnehagane og skulane i kommunen.

-Trass i at fleire annonser har vore lyst ut, er det lite arbeidskraft å få tak i. Dette kan føre til at tilbodet til barn og unge i enkelte høve ikkje blir slik ein skulle ønskja. Kvar eining har gode handlingsplanar/beredskapsplanar knytt til høgt fråvær eller mangel på faste eller midlertidige stillingar, seier barnehage- og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil.

Døme på tiltaka i handlingsplanane i barnehage
Føresette blir oppfordra til å halda barn heime dersom ein har moglegheit til det, ha kortare opningstid og avdeling, eller at deler av avdeling blir stengt. 

Døme på tiltaka i handlingsplanen i skulen
Slå saman klassar og gå over til tilsyn (ikkje opplæring) og omdisponere tilsette frå ein klasse til ein annan.  Slik bemanningssituasjonen er for enkelte einingar denne hausten er ikkje ein ønskja sistuasjon, men me tenkjer det er viktig å vera ærlege om korleis stoda er. 

-Me veit at leiinga og dei tilsette ved den enkelte eining jobbar svært godt og gjer det beste ut av situasjonen ein er i til det beste for barna,  og me veit at einingane er gode på å ha tett dialog med føresette og ønskjer å halde fram med det, legg barnehage- og skulesjefen til.