Hugs å klippa hekken for ein tryggare skuleveg

20. august er det klart for skulestart i Vindafjord. Med ryggsekk på ryggen og sommarminne i bagasjen, skal dei ut på skulevegen – og den må vera trygg.

Første heimeleksa er til oss vaksne: Klipp hekken

Etter ein frodig sommar treng hekken ein god trim.

Klipp både framme og bak – og ta gjerne toppen òg.

Kvinne og to barn på skuleveg - Klikk for stort bilete Colourbox

Kan skapa farlege situasjonar

Høge hekkar, buskar og greiner som veks ut mot veg, gang- og sykkelvegar, kan skape farlege situasjonar. 

Når skulebarn igjen skal gå og sykle til skulen, er god sikt ekstra viktig.

Hekkar og vegetasjon ved avkøyrsler, kryss og fortau kan gjere det vanskeleg å sjå barn som kjem gåande eller syklande. 

Det er den einskilde grunneigaren sitt ansvar å sørgje for at vegetasjon på eigen eigedom ikkje skaper problem for trafikktryggleiken.

Då får bilistar og mjuke trafikkantar betre sikt, og skulevegen blir tryggare for dei små.

Takk for at du gjer din del!

Hekk - Klikk for stort bilete Pixabay