Høyring om ny barnehage- og skulebruksplan

Korona sette ein stoppar for planlagte folkemøte i starten av fjoråret, og tidsplanen vart endra. Nå er planutkastet til barnehage- og skulebruksplan klart. Det blir ny høyring, folkemøte og politisk behandling før kommunestyret skal gjera endeleg vedtak i juni.

Kommunedirektør Ynge Folven Bergesen framfor rådhuset i Ølen. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Ynge Folven Bergesen. Ellen Marie Hagevik

Bakgrunn

I budsjett for 2019 vart det lagt inn ei bestilling på å utarbeida ny barnehage- og skulebruksplan for Vindafjord kommune. Steg 1 var ein rapport utarbeidd av Norconsult. Denne vart presentert i august 2020.

Deretter blei det gjennomført høyring på rapporten med høve til å senda inn innspel. Etter planen skulle rapporten også leggast fram på folkemøte, men desse vart utsette på grunn av koronasituasjonen.

16. februar 2021 vedtok difor kommunestyret ein ny tidplan for arbeidet med planen:

«Prosessen med barnehage- og skulebruksplanen vert sett på pause ut 2021. Kommunedirektøren legg fram si tilråding til framtidig barnehage- og skulestruktur i januar 2022. Det vert folkemøte i februar-mars og høyring på kommunedirektøren si tilråding. Saka skal opp til politisk handsaming i mai 2022.»

Ut frå dette vedtaket ser tidsplanen nå slik ut:

  • Kommunedirektøren legg fram planutkast og tilråding i slutten av januar 2022.
  • Høyringsprosess og folkemøte i februar-april 2022.
  • Politisk behandling i mai-juni 2022.

Prosessen så langt

Norconsult sin rapport, og høyringsinnspela som kom på denne, er gjennomgått.

  • Frå eit opplæringsperspektiv
  • Frå eit byggteknisk perspektiv

Det er gjort vidare faglege vurderingar frå den kommunale administrasjonen, inkludert eit tett samarbeid med rektorar, styrarar og involvering av dei tilsette på fagsamling. Dei innkomne høyringsinnspela til Norconsult sin rapport er også vurderte.

Dei fire alternativa

Med bakgrunn i desse vurderingane, legg administrasjonen fram fire moglege strukturalternativ.

Les heile planutkastet

Alternativ 0

Dagens struktur med skular og barnehagar i alle 9 bygder, men med bygging av nytt oppvekstsenter i Vats.

Alternativ 1

Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.

  • Elevane frå Imsland til Vikedal skule
  • Elevane frå Bjoa til Vågen skule
  • Barn på Imsland barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)

Bygging av ny felles ungdomsskule for kommunen i Ølen, og redusera til tre 1.-7.-skular i Skjold, Ølen og Vikedal.

  • Frå oppstart skuleåret 2028/29
  • Legga ned skulane i Vats, Vik, Sandeid og Vågen

Bygga om skulane i Vågen og Sandeid til barnehagar, klare til barnehageåret 2029/30. Då vil me legga ned barnehagane i Bjoa, Vats og Vik.

Frå 2029 vil kommunen såleis ha:

  • ein felles ungdomsskule i Ølen
  • tre 1.-7.-skular i Ølen, Vikedal og Skjold
  • tre kommunale barnehagar i Vågen, Sandeid og Skjold
  • private barnehagar kjem i tillegg (Vats, Ølen og Vikedal)

Alternativ 2

Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.

  • Elevane frå Imsland til Vikedal skule
  • Elevane frå Bjoa til Vågen skule
  • Barn på Imsland barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)

Frå Hausten 2024 vert det tre 1.-10.-skular i Ølen, Vikedal og Skjold. Skulane i Vats, Sandeid, Vik og Vågen vert avvikla.

  • Bygga om skulane i Vågen og Sandeid til barnehagar, klare til barnehageåret 2025/26
  • Då vil me legga ned barnehagane i Bjoa, Vats og Vik.

Alternativ 3

Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.

  • Elevane frå Imsland til Vikedal skule
  • Elevane frå Bjoa til Vågen skule
  • Barn på Imsland barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)

Bygging av nytt oppvekstsenter i Vats, ferdigstilt til oppstart skuleåret 2025/26.

  • Gamle Vats Skule og Vats barnehage vert omdanna til felles oppvekstsenter.

Kommunedirektøren si tilråding

Kommunedirektøren tilrår som utgangspunkt alternativ 1, då dette er det alternativet som etter ei samla vurdering gir best resultat og utvikling for elevane i kommunen.

– Samstundes vert det sjølvsagt opna for å vurdera dei innspela som kjem gjennom høyringsrunden før det vert gitt ei endeleg innstilling til den politiske behandlinga som kjem i mai-juni. Alle konsekvensar ved alle alternativa er ikkje fullstendig utgreidde enno, og det vil bli gjort vidare arbeid fram mot innstilling til politisk behandling, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.

Prosessen framover

Vidare arbeid med planen er å gjennomføra ei offentleg høyring på planutkastet.

Frist senda inn høyringsinnspel er 18. april 2022.

I siste delen av mars er planen å gjennomføra folkemøte. Administrasjonen kjem tilbake med endeleg dato og tidspunkt for møta i dei ulike bygdene i løpet av kort tid.

– Dette blir primært informasjonsmøte, der det blir høve til å stilla spørsmål kring planutkastet. Desse møta vert ikkje rekna som høyringsmøte med referatføring. Dei som har innspel til planutkastet må levera dette gjennom kommunen si løysing for høyringsinnspel på nettsida vår, seier Folven Bergensen.

Politisk behandling

Kommunedirektøren tar sikte på å legga fram saksframlegg og endeleg innstilling til politisk behandling i løpet av første veka av mai. Det vert deretter lagt opp til

  • behandling i ungdomsrådet og rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne rundt 20. mai
  • behandling i OPOM og DUK 30. mai
  • formannskapet 31. mai
  • endeleg vedtak i kommunestyret 21. juni