Historisk ungdomsråd

2021 var første året med ungdomsråd i Vindafjord kommune. Ungdomsrådet består av engasjerte ungdommar i alderen 14-19 år. Det historiske ungdomsrådet i Vindafjord har allereie lagt føste året bak seg. F.v: Erik Hjelm Fjeldheim, Sander Nesheim Fuglestein, John Marius Langeland, Siren Vårvik Matre, Eva Vatnedal Nordtveit og Frida Sandvik. Tim Dentel var ikkje tilstades då bildet blei tatt. Nils Erik Eide

Ungdomsrådet i Vindafjord er eit medverknadsorgan som vart vedtatt i kommunestyret 15.oktober i sak 057/20. Ungdomsrådet er sett saman av 7 faste medlemmer og 5 varamedlemmer Valperioden er to år. Det blir valt nytt ungdomsråd på hausten etter kommune-/fylkestingval og stortingsval.

Ungdomsrådet hadde fem møte i 2021 og dei handsama 11 saker, i tillegg til orienterings - og referatsaker. Dei gav uttale i tre av sakene i 2021.

I dag hadde dei sitt første møte i 2022, og rådet vel sjølv leiar og nestleiar i det første møtet for året. Leiar og nestleiar skal alltid veljast for eitt år om gangen. 

Avtroppande leiar Erik Hjelm Fjeldheim gav i dag stafettpinnen vidare til nyvald leiar Eva Vatnedal Nordtveit. Fjeldheim uttalar at det har vore veldig spanande og kjekt å ha leiarrolla. Han gav vervet villig frå seg til nyvald leiar. - Det er kjekt å vera med å seia noko om dei politiske sakene som blir behandla i kommunen, seier Fjeldheim.  Eva Vatnedal Nortveit, som vart samrøystes vald til ny leiar, gler seg til det komande året. - Det er kjekt å vera med i ungdomsrådet og eg gler meg til å vera leiar i 2022. 

Sander Nesheim Fuglestein held fram som nestleiar i 2022. 

Avtroppande leiar for det aller første ungdomsrådet i Vindafjord Erik Hjelm Fjeldheim gir no leiarvervet vidare til Eva Vatnedal Nordtveit Nils Erik Eide