Helsing og pengegåve til elevane

Det har vore ei tøff tid det siste halvtanna året for elevane i Vindafjordskulen, med uvanlege måtar å drive skule på, ikkje minst friminutta. Fungerande ordførar Tove Elise Madland ønskjer at alle elevar skal få ei god avslutning før ein velfortent ferie.
Tove Elise Madland - Klikk for stort bilete Haakon Nordvik

Kvar vår pleier ordføraren dele ut 50.000 kr til gode tiltak etter søknad og presentasjon frå dei ulike elevråda i Barnas kommunestyre. Dette har ein ikkje fått gjennomført dei to siste åra, grunna Covid-19. Difor ønskjer fungerande ordførar at elevane skal få tildelt ein sum, etter elevtal, til kvar skule, som skal brukast på eit positivt tiltak for alle elevane på skulen.

Les heile helsinga til elevane frå fungerande ordførar her (PDF, 179 kB)