Ta også kontakt med oss dersom du er interessert, men har barn i alderen 10-12 år, så kan me prøva å imøtekoma behov.
Om kurset
Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram basert på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisste på å sjå, tolka og møta barnet sine behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.
Kurset er delt opp i kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.
Kurset blir halde på rådhuset i Ølen og er gratis.
COS-P strebar ikkje etter det perfekte foreldreskap, men eit godt nok foreldreskap.
Alle er velkomne. Samstundes vurderer me at det er nyttig at begge føresette deltar dersom det er to i heimen, men dette er ikkje eit vilkår for å melda seg på.
Kursdagar
Kurset går over 8 gongar og varer frå klokka 19.00 til om lag 21.00.
- Torsdag 8. september
- Torsdag 15. september
- Torsdag 22. september
- Torsdag 29. september
- Torsdag 6. oktober
- Haustferie
- Torsdag 20. oktober
- Torsdag 27. oktober
- Torsdag 3. november
Påmelding
Påmeldingsfrist: 1. september 2022
Kurshaldarar på dette kurset er familierettleiarane Amalie Eike Sternhoff, Ragnhild Thorsen og Aud Hopland Åserud
Vil du melda deg på, eller ønsker meir informasjon om kurset, send ein e-post til:
aud.hopland.aserud@vindafjord.kommune.no