God arbeidsøkt med Trygg Trafikk

I samband med at kommunen har vedtatt å bli godkjent som ein trafikksikker kommune skal alle skular og barnehagar også levere dokumentasjon i høve kriteriar.

Nils Erik Eide

Torsdag 7.oktober hadde styrarar og rektorar besøk av representantar frå Trygg Trafikk, der ein fekk presentert god teori i samband med at eingane skal bli godkjent som trafikksikre. Som ein del av den overordna planen til kommunen skal alle barnehagar og skular bli stempla som trafikksikre. 

Kriteria er laga med utgangspunkt i dei lovar og forskrifter som gjeld for skulene og barnehagane.

Ingrid Lea Mæland (regionleiar Trygg Trafikk Rogaland) og Harald Heieraas (seniorrådgjevar Trygg Trafikk sentralt) loste styrarar og rektorar gjennom ein konstruktiv dag der ein kom godt i gang på vegen mot ei trafikksikker eining.

Å vera godkjent som trafikksikker kommune er ikkje garanti for at det ikkje vert ulykker, men kommunen set arbeidet i system og innbyggjarane blir minna om deira ansvar som trafikant. 

 Trafikksikker kommune