Fylkesvinnarar i Batterijakten

Rett før påske fekk dei åtte elevane i 3. og 4. klasse ved Imsland skule ei kjekk overrasking. Dei vart nemleg fylkesvinnarar i Rogaland i Batterijakten og stakk av med ein fin premie på 2.500 kroner.

Åtte elevar 3. og 4. klasse ved Imsland skule samla inn 232 kilo batteri. - Klikk for stort bileteSamla inn 232 kilo batteri: Frå venstre Milla Haraldseid, Thea Slemmelid Solstad, Vilde Alexandra Skibevåg, Migle Kanisauskaite, Eline Moe Rørtveit, Nora Haugland, Adrian Rønnevik og Siri Ilstad. Bente Tednes Gjil

Batterijakten er ein nasjonal konkurranse der det er om å gjera og samla inn flest brukte batteri. Dette er for å sørga for at batteria blir gjenvunne i staden for å hamna i søpla eller i naturen.

Elevane har vist stort engasjement. Dei har samla inn batteri, vege kor mykje som er samla inn og utført vekesoppdrag der dei har laga kunst av batteri.

Til saman har elevane samla inn 29 kilo batteri per elev, og heile 232 kilo totalt. Den fine pengepremien har elevane sagt dei har lyst å bruka på ei kjekk fellesoppleving.