Folkemøterapport

I samband med høyringsprosessen på planutkastet til barnehage- og skulebruksplanen Vindafjord kommune arrangert folkemøte i bygdene. Her kan du sjå bilderapport frå møta.
Nils Erik Eide  

Agenda for alle folkemøta har vore at ordførar Ole Johan Vierdal har ønskt alle velkomne før møteleiar Petter Steen overtok ordet (møteleiar i Vikedal og Skjold har vore Harald Dale). Han forklarte at desse møta i all hovudsak var eit informasjonsmøte med høve til å stilla spørsmål til kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og hans stab. 

Før spørsmålsrunden presenterte kommunedirektøren litt historikk og vidare dei ulike alternativa før han avslutta med å fortelja om prosessen vidare. 

Etter presentasjonen fekk dei frammøtte moglegheit til å stilla spørsmål om planutkastet. 

Her er oversikt over dei gjennomførte folkemøta: 

  • 14.03: Bjoa bygdesenter 
  • 15.03: Imsland bygdehus 
  • 16.03: Vats skule, gymsalen 
  • 17.03: Vikebygd bygdehus 
  • 28.03: Vågen bygdasenter
  • 28.03: Ølen kulturhus 
  • 29.03: Sandeid samfunnshus 
  • 30.03: Vikedal bygdahus 
  • 31.03: Skjold Arena

Vidare plan etter folkemøta:

Kommunedirektøren tek sikte på å legga fram saksframlegg og endeleg innstilling til politisk behandling i løpet av første veka av mai. Det vert deretter lagt opp til:

  • behandling i ungdomsrådet og rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne rundt 20. mai
  • behandling i OPOM og DUK 30. mai
  • formannskapet 31. mai
  • endeleg vedtak i kommunestyret 21. juni

Takk til alle, barn og vaksne, som stilte opp på desse folkemøta.

Her kan de sjå bilete frå dei ulike bygdene::