Bry Deg!

Denne veka var det oppstartsmøte for eit nytt læringsmiljøprosjekt, Bry Deg!, i Oslo. Skulane Vågen, Vats og Sandeid, i tillegg til PPT og skulekontoret, skal vera med på dette.

Rektorar og PPT leiar saman med skuleeigar på oppstartssamling i Oslo Nils Erik Eide

Rektorane Anita Jørstad Grindheim (Sandeid), Astrid Førsund (Vågen), Hilde Pedersen Åsbø (Vats), PPT leiar Liv Ingunn Heie Medhaug og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide deltok på oppstartssamling i Oslo denne fredag 29.04.22. 

I tillegg til Vindafjord deltek også Karmøy kommune, Nome og Midt-Telemark og Tønsberg med skular i dette prosjektet. 

Det er Læringsmiljøsenteret som har opplegget Bry Deg!, der innhald og tema:

  • Heilskapleg arbeid med skulemiljø
  • Relasjons - og interaksjonskvalitet
  • Avdekking og stopping av mobbing
  • Kapittel 9A i praksis
  • Sårbarheit
  • God start - arbeid med standarder i skulemiljøet
  • Handtering av problemadferd
  • Livsmeistring og psykisk helse

Les meir om Bry Deg! Her

Tidlegare har skulane Ølen og Vikedal deltatt på Udir, pulje 5, Læringsmiljøprosjektet. Dette var den avsluttende samling på tidlegare denne månaden. I tillegg har Skjold skule og Bjoa skule deltatt på pilotprosjekt i Olweusprogrammet, der Bjoa er sertifisert og Skjold skule er i ferd med å bli det i desse dager. Kommunen har veldig fokus på det førebyggjande arbeidet med det psykososiale miljøet og har i samband med dette utarbeidd ein overordna plan for barnehage og skule som kan lesast her:

Vindafjord sin overordna plan for psykososialt miljø i barnehage og skule