Barnehagane på fagdag i Skjold Arena

På planleggingsdagen 19. september blei det stor samling for alle tilsette med lærande nettverk for pedagogar og fagdag for fagarbeidarar og assistentar.

Tilsette i kommunale barnehagar og i Nausthaugen barnehage - Klikk for stort bilete Inger Kathrine Sundve

Planleggingsdagen var for tilsette i kommunale barnehagar og Nausthaugen barnehage på fagdag. Etter ein felles opning med barnehage- og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil var det lærande nettverk for pedagogane fram til lunsj. Her var det Sissel Aastvedt Halland frå HVL som sto for fagleg påfyll om relasjons leiing, medan Hannah Belsvik Hansen hadde om språk og kommunikasjon med fagarbeidarar og assistentar. 

Etter lunsj var alle, i overkant av hundre i talet, samla og fekk oppdateringar frå regional kompetanse- og utviklingsveileder Liv Åse Hagland før barnehage- og skulesjefen hadde psykososialt miljø og §42 i barnehagelova på agendaen.

Alt heng saman med alt - og barnehage er viktig i eit samfunnsperspektiv. God kvalitet i ordinær barnehage er godt førbyggande arbeid og kan vera tidleg innsats og eit barn sin oppvekst.