Barn blir påverka før du blir det

Det nærmar seg sommar og ferie, og enkelte ønskjer å kosa seg med noko godt i glaset. Hugs at barn ofte blir påverka av alkohol før dei vaksne.

Bilde av ei lita jente - Klikk for stort bilete Av-og-til

– Det kan vere vanskeleg å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som ei positiv endring, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere barna usikre og utrygge, seier Eli Marie Stavlund, kommunikasjonssjef i Av-og-til.

Ho oppfordrar folk i Vindafjord til å tenkje gjennom alkoholinntaket når barna er til stades.

– Drikk null, eitt eller maks to glas. Det er det aller beste for barna, seier ho.
 

Samarbeider om alkovett

Vindafjord er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. Maren Tjelmeland Hustoft er Av-og-til-koordinator i kommunen og nyttar høvet til å minne om at barna er ekstra sårbare for alkoholinntaket til foreldra i ferien.

– Ferietid er høgdepunktet for mange barn. Samtidig kan fri frå jobb og seine kveldar auke risikoen for at du begynner å drikke tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt. Dersom ein er saman med andre vaksne, er det lurt å vere einige om kor mykje alkohol det er greitt å drikke når barna er til stades, seier Hustoft.
 

Ho kjem med nokre gode råd om barn og alkohol.

  • Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn. Tenk igjennom på førehand om du skal drikke, og i så fall kor mykje, når det er barn til stades. Når barn blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne skal drikke null eller maks eitt eller to glas alkohol når dei er saman med dei.  
  • Ha flest dagar utan alkohol. Når barna blir spurde, seier dei fleste at dei synest det er greitt at foreldra drikk alkohol ein gong i veka eller sjeldnare. Berre tre av hundre synest det er greitt at foreldra drikk kvar dag. Vis barna at ein ikkje treng å drikke alkohol kvar gong ein skal kose seg.  
  • Bli einige med andre vaksne. Dersom du reiser på ferie med andre vaksne eller får folk på besøk heime, kan det vere lurt å avtale korleis de skal handtere alkohol når det er barn til stades. Kva er greitt? Og kva er ikkje greitt? Det kan vere lurt at minst éin er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko.  
  • Ikkje gløym morgondagen. Sommarfestar og glas med noko kaldt i på terrassen er ein del av feriekjensla for mange. Berre pass på at det ikkje blir så mange glas at du neste dag må avlyse skogsturen, badeutflukta eller andre sommaraktivitetar som heile familien har gledd seg til.   
  • Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider. Sommarferien er årets høgdepunkt for barna. Samtidig er det den tida på året nordmenn drikk mest alkohol. Ver bevisst på at feriar, fri frå jobb og seine sommarkveldar aukar risikoen for at du begynner å drikke tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt. Barn blir ekstra sårbare for endringar hos foreldra når dei er borte frå dei trygge rammene, til dømes i eit selskap i eit framandt hus eller på ferie langt heimanfrå.  
  • Hugs at barn blir påverka før du blir det. Ofte kan det vere vanskeleg for vaksne å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere barn usikre og utrygge. 

 

Vil du lese meir? 

Nettlenke til Av-og-til