Vurderer du å flytta frå einebustad til leilighet?

Me inviterer til ei samling for alle som er interesserte i unge eldre sine bustadbehov. Velkomen til samling på Sjøperlo torsdag 13. februar. 

Bilete av Sjøperlo - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Gode bustadar for eldre

Pensjonistforbundet i Vindafjord inviterer i samarbeid med Vindafjord kommune, til ei samling der me set fokus på unge eldre sine bustadbehov.

Me får besøk frå seniorrådgjevar i Husbanken Linda Nordgreen som skal fortelja om Husbanken og deira verkemiddel for å fremja gode bustadar for eldre. I tillegg vil kommunalsjef for helse og omsorg Sigurd Gjerdevik og kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke retta søkjelys på kva utfordringar kommunen står i knytt til busetting av eldre, samt kva verkemiddel kommunen skal ta i bruk for å legga til rette for framtidsretta løysingar innanfor dette området. Me får også nokre erfaringar frå Pensjonistforbundet om kordleis det er å flytta frå einebustad til leilighet.

Stad: Sjøperlo hall

Tid: torsdag 13 februar kl 18.00

Program

18.00: Velkomen ved Pensjonistforbundet Vindafjord
18.05 – 19.00: Husbanken og deira verkemiddel ved seniorrådgjevar i Husbanken Linda Nordgreen
19.00- 19.15: Pause og kaffe
19.15-19.30: Frå einebustad til leilighet ved Pensjonistforbundet
19.30-20.00: Busetting for eldre ved kommunalsjef for helse og omsorg Sigurd Gjerdevik og kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke