Vindafjordleiaren: Nyttige perspektiv på endringsleiing

Den 4. desember vart den femte samlinga i programmet Vindafjordleiaren gjennomført i Vindafjordhallen. Temaet var endringsleiing.

Samlinga i Vindafjordleiaren gav leiarane innsikt i teoriar om endringsleiing og korleis dette kan omsetjast til praksis.

Vindafjord kommune satsar langsiktig på leiarutvikling for å styrke kompetansen og møte framtidas krav. Endringstakten i samfunnet er stor, og offentleg sektor må tilpasse seg kontinuerleg.

Det var lagt opp til refleksjon og gruppesamtalar for å dele erfaringar og bygga felles forståing.

Bilder frå samlinga i Vindafjordleiaren - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide/Ingebjørg Rullestad Gjerde

Nyttige perspektiv

Kommunedirektøren delte erfaringar frå mange år i toppleiing og korleis han har handtert endringar, medan NAV-leiar delte læringspunkt frå samanslåinga av NAV-kontora i Etne og Vindafjord. 

Dette gav nyttige perspektiv på korleis endring påverkar både organisasjon og kultur.

– Leiarutvikling er ein viktig del av strategien vår for å behalda, utvikla og rekruttera dyktige leiarar. Gjennom Vindafjordleiaren byggjer me eit sterkt lag som er modige, trygge og løysingsorienterte, seier kommunalsjef for organisasjon, Ingebjørg Rullestad Gjerde.

Bilder frå samlinga i Vindafjordleiaren - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide/Ingebjørg Rullestad Gjerde Bilder frå samlinga i Vindafjordleiaren - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide/Ingebjørg Rullestad Gjerde