Vindafjordhallen offisielt opna

Måndag 18. august vart den nye Vindafjordhallen opna med snorklipp, musikk og over 100 inviterte gjester.

Seks år etter at den gamle hallen brann ned, kunne bygda endeleg samlast for å feira eit bygg som har vakse fram gjennom engasjement, samarbeid og framtidstru.

Collage frå talar og innslag - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide

Eit fint gjensyn

Under opninga heldt ordførar Ole Johan Vierdal den offisielle opningstalen, og viste bilete frå 2019, då elevar i 3. klasse – etter brannen – laga ein modell og ein plakat med draumen om korleis ein ny hall kunne sjå ut.

Nils Erik Eide

To av desse elevane, Vilja Innvær og Jone Blikra Ohm, no i 9. klasse, fekk æra av å halda snora under ordførarens snorklipp.

På spørsmål om dei er nøgde med resultatet, kunne dei med glimt i auga slå fast at det einaste som manglar no er diskolys på rutsjebanen i symjehallen - som dei ønskte seg i 3. klasse.

Ordføraren i Vindafjord held tale - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide

Musikk og avduking

Vats musikkorps, leia av Thomas Nilsen bidrog med musikalske innslag.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen heldt tale, og det same gjorde Janne Urdal Aursland, som no går av som daglig leiar for Vindafjordhallen.

Bente Haraldson Syre, administrerande banksjef i Haugesund Sparebank, heldt ei helsing, og prosjektleiar Frode Eike gjekk gjennom prosjektet frå A til Å.

Prosjektleiar Frode Eike står på scena. - Klikk for stort bileteProsjektleiar Frode Eike gjekk gjennom prosjektet frå A til Å. Nils Erik Eide

Det vart avduka ei gåve frå GL Prosjektservice, hovudentreprenør for hallen, saman med underentreprenørane SWECO og HLM Arkitektur. Gåva frå dei var keramikk frå Modena.

Gjester fekk nyta smørbrød, kake og kaffi, før Tom Roger Ådland heldt ein stemningsfull minikonsert.

Tom Roger Ådland syng og spelar gitar - Klikk for stort bileteTom Roger Ådland heldt ein stemningsfull minikonsert. Nils Erik Eide

Det var også mogleg å sjå det nye biovarmeanlegget og ta ein rundtur i bygget.

Ordføraren held tale - Klikk for stort bilete Nils Erik Eide