Vindafjord samla inn 730 000 kroner til TV-aksjonen 2025
Bøsseberarane og innbyggjarane i Vindafjord har gjort ein imponerande innsats under årets TV-aksjon. Totalt kom det inn omlag 730 000 kroner.
Koordinator Mona Kristin Haraldseid er godt fornøgd:
– Det er rørande å sjå korleis unge og eldre engasjerar seg. Sjølve hjarta i aksjonen er jo bøsseberarane. ❤️
TV-aksjonen 2025 gjekk til Atlas-alliansen, som arbeider for å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.
Privat
Med eit innbyggartal på 8 938 har Vindafjord levert eit godt resultat både nasjonalt og regionalt:
📍 57. plass nasjonalt av 358 kommunar, målt etter bidrag per innbyggar
📍 6. plass i Rogaland av 23 kommunar
💰 Kr 81,39 per innbyggar, som er kr 37,75 over landsgjennomsnittet på kr 43,64
Privat
– Dette er eit resultat av mange menneske som har brukt tid og engasjement for ei god sak. Tusen takk til alle som har bidrege, seier Haraldseid.
Sist endra 20.10.2025 13.35