Vindafjord på 17. plass i kommune NM

Kommune-NM målar økonomisk bærekraft i landets kommunar gjennom utvalde indikatorar. I dag fekk ordførar og varaordførar beviset på at Vindafjord er blant dei tjue beste kommunane i landet med sin 17. plass i 2023.

Ordførar Ole Johan Vierdal (t.h) og varaordførar Gustav Løge Fosse (t.v) viser stolte fram beviset på at kommunen fekk 17. plass i kommune NM for 2023. Nils Erik Eide

Kommune-NM er ein årleg rangering av dei økonomiske prestasjonane og rammebetingingar for næringslivet i norske kommunar og fylke. Kommune-NM dekkjer fem temaområde:

  • Næringsliv
  • Arbeidsmarked
  • Demografi
  • Kompetanse
  • Kommuneøkonomi

Desse består av nitten enkeltindikatorar. Totalscoren vert basert på gjennomsnittet av indikatorane. Kommune-NM er utelukkande basert på kvantitative data, henta fra offisielle statistikker hos SSB og NAV.

At ein kommune eller eit fylke kjem dårligare ut i rangeringa, betyr ikkje nødvendigvis at utviklinga innanfor kommunen/fylket har vært negativ, men kan kome av at andre har hatt meir positiv utvikling over tid. I Kommune-NM indekserar ein utviklinga innanfor kvar indikator både over tid og mellom kommunar. Dette gjer det mogleg å sjå på utvikling i ein kommune eller eit fylke over tid, uavhengig av rangering.

Regiondirektør Tone Grindland i NHO og Sigurd Ur, seniorrådgjevar NHO Rogaland var i dag på rådhuset i Ølen for å overrekka blomar og diplom til ein stolt ordførar Ole Johan Vierdal.

- Dette er resultatet av godt arbeid, både av næringslivet og kommunen, seier Vierdal.

Han hadde med seg varaordførar Gustav Løge Fosse og kommunedirektør Yngve Folven Bergensen. 

Vindafjord kommune fekk best resultat av kommunane på Haugalandet, og kom på femte plass i fylket. I kommune-NM i fjor kom Vindafjord på 20. plass.

Les meir om kommune NM her

Ordføraren fekk tildelt diplom frå NHO Rogaland