Vindafjord kommune styrkjer beredskapen i Totalberedskapsåret 2026

Leiargruppa til kommunedirektøren og beredskapsrådgjevaren deltok på den nasjonale beredskapsøvinga «Øvelse i en digital kvardag» i Bergen 13.–14. januar.

Øvinga, som vart arrangert av KS og Statsforvaltaren i Vestland, samla heile 38 kommunar og rundt 240 deltakarar. 

Målet var å styrke kommunane si evne til å handtere digitale truslar og kriser – eit viktig bidrag i Totalberedskapsåret 2026, der kommunane over heile landet jobbar for å auke beredskapen.

Alle kommunane med kommunevåpen lista på skjermen på scena - Klikk for stort bilete

Gjennom to innhaldsrike dagar fekk deltakarane både erfaringar frå reelle hendingar – der ansvarslinjer og samarbeid blir sett på prøve – og praktisk trening i scenario med digitale angrep. Det var særleg vekt på varsling, mediehandtering og gjenoppretting. 

Dei fekk òg faglege innlegg frå Statsforvaltaren, KommuneCERT og Nasjonal tryggingsmyndigheit om sårbarheiter og førebyggjande tiltak.

Oversiktsbilde frp beredskapskonferansen mot scena - Klikk for stort bilete Ingebjørg Rullestad Gjerde


Innsikt i kriseleiing – både det tekniske og det menneskelege aspektet.

Tema som hacking, datalekkasjar på Dark Web og bruk av krisestøtteverktøy vart grundig belyst. Øvinga synte kor viktig det er å vere førebudd på digitale truslar og å ha gode rutinar for krisehandtering.

– Dette gir oss verdifull læring og styrkar beredskapen vår, seier beredskapsrådgjevar Lars Preben Håvik.

I Totalberedskapsåret 2026 vil det bli auka fokus på beredskap i Vindafjord kommune. 

Det er allereie planlagt fleire øvingar framover for å styrke både digital tryggleik og den generelle krisehandteringsevna.

Vindafjord kommune framst med scena i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune