Vindafjord kommune satsar på leiarane våre - kickstart 2026

Vindafjord kommune investerer målretta i dei dyktige avdelingsleiarane våre. Årets program starta med to innhaldsrike dagar på Utstein Kloster Hotell.

 I 2026 skal alle avdelingsleiarane delta i leiarutviklingsprogrammet Vindafjordleiaren – eit sentralt tiltak i vår overordna strategi for å behalda, utvikla og rekruttera kompetente leiarar til kommunen.

Vindafjord kommune

Her fekk avdelingsleiarane ei grundig innføring i visjonen og verdiane som skal prege Vindafjordleiaren:
Ein modig, løysingsorientert og trygg lagspelar.

Det faglege opplegget vart leia av Human, med Ørjan Hummelsund, Geir Haraldseid og Edvard Thormodsæter som fagansvarlege. 

Samlinga starta med tema som leiing og leiarrolla, psykologisk tryggleik og leiing av team og grupper, og gav ein solid plattform for vidare utvikling gjennom året.

Dagane kombinerte fagleg påfyll, refleksjon, praktiske oppgåver og godt samarbeid. 

Ingebjørg Rullestad Gjerde

Verdifulle dagar

Deltakarane var engasjerte, positive og motiverte – noko som skapte eit sterkt og inkluderande læringsmiljø.

– Dette har vore to verdifulle dagar. Eg kjenner at eg har fått ein boost og er klar for å byggje vidare på dette i eininga mi, var nokre av tilbakemeldingane frå deltakarane.

Vindafjord kommune

Gode ambassadørar for Vindafjord

Avdelingsleiarane våre har ei nøkkelrolle i å utvikle ein framtidsretta og robust kommune. 

Leiarutvikling er ein viktig del av det langsiktige arbeidet vårt med å skape attraktive arbeidsplassar, styrka fagmiljø og sikra god leiing nær tenestene.

– Vindafjordleiaren handlar om å byggje ein felles leiarkultur med mot, tryggleik og vilje til å finne gode løysingar. Engasjementet deltakarane viser, saman med den profesjonelle rettleiinga frå Human, gjer meg trygg på at denne gjengen vil ta organisasjonen vidare i riktig retning. Dette er ein viktig del av strategien vår for å behalda, utvikla og rekruttera dyktige leiarar til kommunen, seier kommunalsjef organisasjon, Ingebjørg Rullestad Gjerde.

Ingebjørg Rullestad Gjerde

Me er stolte av å ha så gode ambassadørar for Vindafjord!

Ingebjørg Rullestad Gjerde