Vindafjord kommune på Yrkesmessa 2.0
Tysdag 23- september hadde representantar frå blant anna Vindafjord kommune gleda av å møta mange engasjerte og nysgjerrige ungdommar på Yrkesmessa 2.0 – for framtida på Haugalandet i Tysvær Arena.
På yrkesmessa deltok over 3.200 tiandeklassingar og vidaregåandeelevar frå åtte kommunar – alle med eitt felles spørsmål:
Kva skal du bli når du blir stor?
På vår stand fekk ungdommane høyra om dei mange spennande moglegheitane i Vindafjord kommune.
Vindafjord kommune
– Dette har vore ei kjempefin oppleving! Det har vore mykje mingling, gode samtalar og ungdommar som verkeleg tør å vera frampå, fortel Annelin Bauge, einingsleiar Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
- Samstundes har det vore flott å bli betre kjent med dei andre kommunane, med herleg erfaringsutveksling. Og ikkje minst så har me møtt mange unge med eit stort og spennande potensial.
Vindafjord kommune
Tusen takk til alle som tok turen innom, stilte gode spørsmål og delte tankar om framtida.
Me gler oss til kanskje å sjå fleire av dykk som kollegaer ein dag.
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune
Sist endra 24.09.2025 14.39