Vindafjord kommune på Heiso Reis 2024

Vindafjord kommune deltok med eit lag på årets Heiso Reis, som fann stad denne helga. Laget møttest tidleg laurdagsmorgon og fekk beskjed om å møtast på Åkrafjordtunet.

Laget frå Vindafjord kommune bestod av f.v: Vegard Bang, Ingebjørg R. Gjerde, Liv Kjersti Hustveit, Nils Erik Eide og Trine Sørensen Vindafjord kommune

Etter fleire ulike konkurransar rundt Åkrafjordtunet tok deltakarane båt til Eikemo, der dei deltok i nye aktivitetar som bårebæring, museumsbesøk med quiz, maskorama og VM i støvelkasting. Deretter fekk dei ein pause på fjorden før dei kom til Fjæra for nye oppgåver. 

Dagen vart avslutta med juving i Smidalselva og ein festmiddag på Åkrafjorden Nature B&B AS, der dei fekk servert entrecôte og opplevde premieutdeling og underhaldning. Vindafjord sitt lag enda på ein god fjerdeplass, medan Frisk Treningssenter vann Heiso Reis for tredje gong.

Takk til arrangørane for veldig flott gjennomført Heiso Reis 2024.

Sjå video frå dagen på Heiso Reis si Facebookside her