Vindafjord kommune har peika ut ny kommunedirektør

Kommunestyret innstiller på å tilsetja Halfdan Krohn‑Brekke som ny kommunedirektør i Vindafjord kommune.

Innstillinga byggjer på tilrådinga frå tilsetjingsutvalet etter ein grundig prosess med intervju, testar og samla vurdering av kvalifikasjonar.

Halfdan Krohn‑Brekke har sidan august 2023 vore kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, og går no inn i rolla som øvste administrative leiar i organisasjonen.

Den nye kommunedirektøren har brei erfaring frå både kommunal og privat sektor.

Halfdan Krohn-Brekke utanfor rådhuset - Klikk for stort bileteHalfdan Krohn‑Brekke har vore kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune sidan august 2023. Kristine Thorsen Eikeland

Eit sterkt engasjement for lokal utvikling

Ordførar Ole Johan Vierdal peikar på at kommunen får ein leiar som kombinerer strategisk forståing, god organisasjonskunnskap og eit sterkt engasjement for lokal utvikling.

– Me er svært glade for å få ein kommunedirektør med brei erfaring, tydelege leiareigenskapar og solid kjennskap til kommunen vår. Han kjenner organisasjonen frå innsida, og me har stor tru på at han vil stå støtt i rolla og leggja til rette for vidare utvikling av kommunen, seier Vierdal.

Den nye kommunedirektøren tiltrer stillinga 4. mars.