Vindafjord kommune er med i Sildikon Valley: Gir unge ei stemme

Denne sommaren er Vera Gjerde og Constance Lunde Eidhammar tilbake i Vindafjord kommune gjennom Sildikon Valley-prosjektet. Denne runden skal dei i gang med noko heilt nytt.

Vera kjem frå Vikedal og studerer organisasjonspsykologi, HR og leiing ved BI i Bergen. Constance kjem frå Etne og studerer til å bli siviløkonom ved NHH i Bergen.

Etter ein vellukka sommar i fjor skal dei no i gang med nye prosjekt, med særleg fokus på dei unge.

Begge ser fram til ein ny sommar i Vindafjord kommune med meiningsfullt arbeid, kreative oppgåver og tett kontakt med dei unge.

Vera og Constance - Klikk for stort bileteVera og Constance skal i gang med nye prosjekt i Vindafjord kommune. Kristine Thorsen Eikeland

Skal gi ny kunnskap til kommunen sin strategi

Den viktigaste delen av sommarjobben i år er ei heilt ny undersøking retta mot Generasjon Z.  

Arbeidet er tett knytt til Vindafjord kommune sin strategi for å behalda, rekruttera og utvikla arbeidskraft, der bruk av Sildikon Valley-studentar er eitt av verkemidla.

Gjennom undersøkinga skal Vera og Constance finna ut kva som er viktig for unge når dei vurderer kvar dei vil bu og arbeida.  

Kva gjer at dei blir verande? Kva gjer at dei søkjer seg til kommunen? Og kva skal til for at fleire unge ønskjer å flytta heim eller etablera seg i Vindafjord?

– Me vil undersøka kva som trekkjer folk til kommunen, kva som gjer at unge ønskjer å bli verande, og kva som eventuelt manglar. Me vil snakka med denne generasjonen for å få fram kva som gjer at dei trivst og ser ei framtid her, seier Vera.

Constance legg til:

– Det handlar om å få eit breiare og meir konkret bilete av kva unge tenkjer, og kva som skal til for at endå fleire vil bu og jobba i Vindafjord kommune.

Resultata frå undersøkinga skal brukast som kunnskapsgrunnlag i det vidare arbeidet med kommunen sin strategi, og kan gi viktige peikepinnar på kva som bør styrkjast eller utviklast for å nå denne generasjonen endå betre.

Ser store moglegheiter i Vindafjord

Begge peikar på at Vindafjord allereie har mykje å by på: ein spennande kommune, rikt næringsliv, gode jobbmoglegheiter, aktive bygdemiljø, flott natur, sterke frivillige miljø og gode tilbod innan idrett og fritid.

– I kommunen har me gode ordningar for studentar, trygge oppvekstmiljø og det at ein kan få mykje for pengane når ein etablerer seg her.  

Samtidig meiner dei det er viktig å halda fram med å utvikla kommunen i takt med det unge vaksne ønskjer seg.

Vera og Constance - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Byggjer vidare på karrierekvelden

Vera og Constance skal også vidareutvikla karrierekvelden som vart arrangert i fjor sommar.

Arrangementet samla bedrifter frå regionen, og gav studentar høve til å bli betre kjende med lokalt næringsliv medan dei var heime i sommarferien.

– No ønskjer me å utvikla dette vidare, med ambisjon om at karrierekvelden skal bli eit fast, årleg arrangement. Målet er å skapa ein møteplass der studentar og unge vaksne kan få innsikt i kva slags jobbmoglegheiter som finst i regionen, framhevar Constance.

Vil løfta fram dei unge sine stemmer

I fjor hadde dei størst fokus på historieforteljing og innhald som viser fram Vindafjord som ein attraktiv stad å bu, leva og arbeida.  

Eit viktig mål var å løfta dei unge sine stemmer og få fram kva som betyr mest for den oppveksande generasjonen.

– Me ønskja å visa fram ekte historier, ekte erfaringar og kva moglegheiter som faktisk finst i kommunen. Gjennom arbeidet ønskte me å skapa større merksemd rundt Vindafjord som både bustadkommune og arbeidsstad, fortel Vera engasjert.

Innimellom jobben med undersøkinga og karrierekvelden håpar dei også på å få litt tid til å formidle fleire historiar frå kommunen.

Meir enn ein sommarjobb

For Vera og Constance er dette meir enn ein sommarjobb. Dette er noko dei verkeleg brenn for.

Vera har det siste halve året vore på utveksling i Barcelona, noko ho skildrar som både lærerikt og spennande.

– Eg har lært mykje om meg sjølv og blitt meir sjølvstendig. Det å reisa ut aleine kan verka skummelt i starten, men det går veldig fint. Eg kan verkeleg anbefala det, seier ho.

Etter sommaren går turen tilbake til Bergen, der ho skal fullføra siste året av bachelorgraden.

Engasjement for både heimstad og framtid

Constance held fram studiane ved NHH, der ho går på ein integrert master i siviløkonomi. 

Ved sida av studia engasjerer ho seg også i arbeid for å løfta kvinner og kvinnelege leiarar i næringslivet.

– Det er viktig å heia på kvarandre, byggja nettverk og våga å ta plass, seier ho.

Begge to fortel at det var den frie, lærerike og meiningsfulle jobben som gjer at dei har lyst til halda fram med nye prosjekt i Vindafjord kommune.

– Me fekk jobba kreativt, læra mykje og samtidig vera med på å løfta fram alt det gode som finst i Vindafjord. Det blir spennande å sjå kva me får til i år òg, seier dei.

Ein sommar med både arbeid og opplevingar

Når dei ikkje er på jobb, skal sommaren også fyllast med hytteturar, fjellturar, trening, tid med venner og familie og gode opplevingar i heimtraktene.  

Vera trekkjer fram Skomakernibbå som ein favoritt, medan Constance likar spesielt godt Kjellesviknuten, med utsikt over Sunnhordlandsbassenget.

No gler dei seg til å ta fatt på sommarens prosjekt og til å setja nye historier frå Vindafjord på kartet.