Vindafjord kommune deltek i forskingsprosjekt om kvinnehelse og arbeidsliv

Vindafjord kommune er ein av kommunane som deltek i forskingsprosjektet KRAFT, leia av NORCE. Prosjektet skal bidra til å finne gode løysingar som kan styrkje kvinnehelsa i arbeidslivet og hjelpe fleire med å stå lenger i jobb. Målet er å utvikle kunnskap og konkrete tiltak som kan redusere sjukefråvær og førebyggje tidleg avgang frå arbeidslivet blant kvinner i overgangsalderen.

Frå venstre: Arild Lund, Kari Anne Holte, Rebecca Radlick og Ingebjørg Rullestad Gjerde

Denne veka starta arbeidet for alvor i Vindafjord kommune. Dei første intervjua er gjennomført, og to einingar deltek i prosjektet i første fase: éi eining innan oppvekst og éi innan helse og omsorg. Tilsette, leiarar, tillitsvalde og verneombod bidreg med erfaringar og innspel som skal danne grunnlag for vidare forsking og utvikling av tiltak.

Eit viktig tema for framtidas kommune

Kommunane står framfor store utfordringar når det gjeld tilgang på arbeidskraft i åra som kjem. Samtidig er mange av dei kommunale tenestene prega av ein høg andel kvinnelege medarbeidarar. Forsking viser at overgangsalderen kan medføre plager som påverkar arbeidskvardagen og i nokre tilfelle aukar risikoen for sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. 

Gjennom KRAFT-prosjektet ønskjer forskarane å finne fram til korleis arbeidsmiljø, leiing og systematisk HMS-arbeid kan tilpassast betre for å møte desse utfordringane. Målet er å utvikle praktiske og gjennomførbare tiltak som kjem både den enkelte medarbeidar og arbeidsplassen til gode. 

– Skal vi lukkast med å behalde og rekruttere kompetente medarbeidarar i framtida, må vi òg tørre å setje søkjelys på tema som kvinnehelse. Difor er vi stolte over å vere med i dette viktige forskingsprosjektet, seier kommunalsjef organisasjon Ingebjørg Rullestad Gjerde.

Saman skaper vi ny kunnskap

Prosjektet består av intervju og samskapingsprosessar der forskarar, leiarar og tilsette samarbeider om å identifisere utfordringar og utvikle løysingar. Erfaringane frå Vindafjord kommune vil bli ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i prosjektet. 

For kommunen er dette ei spennande moglegheit til å få auka innsikt i kvinnehelse og arbeidsmiljø, styrkje det førebyggjande HMS-arbeidet og vidareutvikle Vindafjord som ein attraktiv arbeidsplass. Samtidig kan prosjektet bidra til betre kvalitet i tenestene ved å leggje til rette for at fleire medarbeidarar kan ha eit langt og godt yrkesliv. 

Ein del av Strategi for å behalda, utviklar og rekruttera 

Deltakinga i KRAFT-prosjektet heng godt saman med kommunen sitt arbeid for å skape framtidsretta og berekraftige tenester. Ved å setje søkjelys på kvinnehelse og arbeidsmiljø tek Vindafjord kommune aktivt del i utviklinga av ny kunnskap på eit område som blir stadig viktigare for både arbeidslivet og samfunnet elles. 

Me takkar alle som deltek i intervju og prosessar, og ser fram til å lære meir gjennom prosjektet og bruke resultata til å utvikle ein endå betre arbeidsplass for framtida.