Beredskapsbiblioteket inneheld bøker om alt frå dyrking, sanking og matlaging til førstehjelp, vatnrensing og annan praktisk kunnskap som styrkjer eigenberedskapen.
– Mange av dei ferdigheitene som var vanlege før, er i ferd med å forsvinna. Me ønskjer å løfta fram kunnskap som kan gjera folk tryggare i møte med uforutsette hendingar, seier biblioteksjef Silje Holden Birkeland.
Silje Holden Birkeland og Karina Augestad Hjelme håpar mange får nytte av beredskapsbibblioteket.
Kristine Thorsen Eikeland
Biblioteket – ein naturleg del av beredskapen
Nasjonale føringar peikar på at folkebibliotek er ein viktig del av kommunens beredskap. Dei er opne, tilgjengelege og har høg tillit i befolkninga.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) understrekar at eigenberedskap òg handlar om kunnskap, vanar og samarbeid – område der biblioteka kan spela ei sentral rolle.
– Me møter mange som synest informasjonsstraumen er krevjande å navigera i. Hos oss får dei tilgang til kvalitetssikra kjelder og hjelp til å sortera fakta, seier Birkeland.
Ho legg til at satsinga på beredskapsbiblioteket er ein naturleg del av samfunnsoppdraget:
– Me ønskjer å styrka kommunen si samla beredskap ved å gi innbyggjarane kunnskap som gjer dei betre rusta.
Motkraft mot feilinformasjon
Bibliotekarane blir løfta fram som ein viktig ressurs i kampen mot desinformasjon. Biblioteket er ein plass der folk kan få nøktern, fagleg forankra kunnskap når noko skjer.
– Beredskap handlar òg om å forstå kva som skjer rundt oss. Biblioteket legg til rette for at innbyggjarane får trygg, forståeleg og relevant informasjon. Me befinn oss i eit digitalt landskap kor kildekritikk er ekstremt viktig, understrekar biblioteksjefen.
Kristine Thorsen Eikeland
Ein trygg møteplass – også når noko skjer
Biblioteket er ein sentral møteplass i kvardagen, og denne rolla blir enda viktigare dersom ei krise oppstår.
Biblioteka blir framheva som stader som kan halda ope når mykje anna stenger, og som kan fungera som informasjonspunkt, lade- og varmesone, sosial støtteplass og arena for samarbeid.
– Me er ein stad folk kjenner, og der terskelen for å koma inn er låg. Biblioteket er viktig når folk treng ein trygg og inkluderande møteplass. Me legg til rette for fellesskap, samtalar, kurs, foredrag og aktivitetar. Eit ope bibliotek er ein viktig del av fellesskapet sin beredskap, seier Birkeland.
Bibliotekar Marius Nyland gjer ein viktig jobb. Biblioteket er ein sentral møteplass i kvardagen, og denne rolla blir enda viktigare dersom ei krise oppstår.
Kristine Thorsen Eikeland
Beredskapsbiblioteket vil stadig vera i utvikling.
– Dette er kunnskap som me alle kan ha nytte av. Me håpar både familiar, enkeltpersonar og lokale lag vil ta tilbodet i bruk, avsluttar Birkeland.