Vil du leia helseavdelinga i Sandeid fengsel? – Lærerikt og djupt meiningsfullt

Det var ikkje fengsel Thea Lovise Strømø hadde sett føre seg då ho byrja å sjå etter jobb nærare heimstaden. Men då stillinga som avdelingsleiar ved helseavdelinga i Sandeid fengsel dukka opp, kjende ho at dette kunne vera noko.

No, når Thea skal ut i permisjon, søkjer Sandeid fengsel ein vikar som kan ta over ei rolle ho sjølv har funne både utfordrande, lærerik – og djupt meiningsfull.

– For mange kan dette vera ein fin måte å få prøvd seg som leiar på. Det er eit vikariat, og ein får høve til å testa rolla i trygge rammer, med god støtte rundt seg, seier ho og legg til:

– Dette er ein jobb der du får bruke både fagkunnskap, menneskekunnskap og leiareigenskapar.

Thea Lovise Strømø utanfor Sandeid fengsel - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Midt i blinken

Thea Lovise er sjukepleiar med vidareutdanning, og har bakgrunn frå akuttmottaket ved Stavanger universitetssjukehus.  

Etter fleire år i byen voks ønsket om å flytta heim.  

Då ho og sambuaren fekk tomt i Etne, og planane om å byggja hus blei konkrete, byrja ho å sjå etter jobb i nærområdet.

– Eg søkte på fleire stillingar, men då eg kom over denne, kjende eg raskt at ho passa meg. Stillingsbeskrivinga trefte overraskande godt, og eg valde å satsa fullt og heilt på denne moglegheita.

Vikariat ledig som avdelingsleiar i helseavdelinga i Sandeid fengsel

Vanskeleg å sjå føre seg

Ho legg ikkje skjul på at ho var spent då ho starta.

– Eg visste ikkje heilt kva eg sa ja til. Eg hadde fått god informasjon, men dette er jo ein heilt annan måte å jobba på enn på sjukehus. Før eg starta var det litt skummelt, og vanskeleg å sjå føre seg korleis kvardagen faktisk ville bli.

Jobbar tett med kjekke og dyktige folk

I dag omtalar ho arbeidsplassen som både trygg og utruleg kjekk.

– Det er ein veldig kjekk jobb, og eg opplever eit kjempegodt samarbeid – både internt i fengselet og med andre instansar.  

Som avdelingsleiar har ho ansvar for personal og drift, samstundes som ho er tett på det kliniske arbeidet.

– Ein er ikkje berre leiar. Me jobbar tett saman i ei lita personalgruppe, og er alltid to på jobb. Det gir tryggleik, og ein står aldri åleine i vurderingane som må takast.

Vikariat ledig som avdelingsleiar i helseavdelinga i Sandeid fengsel

Tett på menneske – og heile livssituasjonen deira

Helseavdelinga i Sandeid fengsel fungerer på mange måtar som eit lite legekontor. Her får dei innsette hjelp til vanleg helsehjelp, i tillegg til oppfølging innan psykisk helse og rus.

– Det er eit veldig breitt spekter av problemstillingar, og ein får verkeleg brukt kompetansen sin. Mange har òg behov for å snakka med nokon, så samtalar er ein viktig del av jobben.

Thea Lovise Strømø utanfor Sandeid fengsel - Klikk for stort bileteThea Lovise Strømø utanfor Sandeid fengsel Kristine Thorsen Eikeland

Godt tverrfagleg samarbeid

Sandeid fengsel er eit ope fengsel. Arbeidet skjer i tett samarbeid med mellom anna lege, fysioterapeut, lærarar og sosionomar.

– Me er tett på menneska og helsa deira i kvardagen, og det gjer jobben både utfordrande og djupt meiningsfull.

Ho peikar på at ingen dagar er like.

– Ein må ofte snu seg raskt rundt, og det skjer mykje i løpet av ein dag. Eg trivst godt med det. Du må vera glad i å jobba med menneske, og komfortabel med å møta folk i ulike livssituasjonar.

Ei moglegheit til å veksa – også som leiar

For Thea Lovise var leiarrolla ny.

– Eg hadde ikkje leiarerfaring frå før, men eg har fått god støtte og har fått veksa med oppgåvene. Det har vore veldig lærerikt.

Arbeidstida er dagtid, måndag til fredag, utan kveld-, natt- eller helgearbeid.

– Det gjer det mogleg å kombinera jobb med familieliv og fritid, noko eg set stor pris på.

Heime er best

Rett før jul flytta ho og sambuaren inn i det nye huset i Etne.

– Me er framleis i innflyttingsfasen, men det kjennest veldig rett å vera heime igjen. Det er kjekt å bu vekke, men heim er best.

Når ho no førebur permisjon, håpar ho at ein ny vikar vil få same gode opplevinga som ho har hatt.

– Dette passar for deg som vil ha ein jobb med meining, ansvar og faglege utfordringar – og som har lyst til å prøva deg i ei leiarrolle. Eg trur mange vil trivast veldig godt her. 

Vikariat ledig som avdelingsleiar i helseavdelinga i Sandeid fengsel