Vil du forstå valet betre? Bli med på valkurs!

Unge veljarar og innvandrarar med stemmerett har lågare valdeltaking enn andre. Det vil Etne kommune og Vindafjord kommune gjere noko med.

No inviterar Etne og Vindafjord kommune til eit felles valkurs for alle som vil lære meir om stortingsvalet.

– Me prøver å arrangere eit valkurs i år som eit samarbeid mellom Vindafjord og Etne kommune. Dette er noko me brenn for, seier Miriam Aareskjold, avdelingsleiar for Integreringstenesta i NAV Vindafjord–Etne.

– Me ønskjer at deltakarane skal sitje igjen med tillit til valprosessen og ei betre forståing av kva partia står for, seier Miriam Aareskjold, avdelingsleiar for Integreringstenesta i NAV Vindafjord–Etne. Kristine Thorsen Eikeland

Kurset er ope for alle, men særleg retta mot første- og andregongsveljarar og innvandrarar med stemmerett. 

Målet er å auke valdeltakinga i grupper som ofte er underrepresenterte.

– Innvandrarbefolkninga utgjer ein stor del av dei som bur her – rundt 15 prosent i Vindafjord og 13 prosent i Etne. Det er viktig å få deira stemme med, seier Aareskjold.

Valstyra i begge kommunane deltek, og det blir korte innlegg frå lokale politikarar som fortel om partia sine kjernesaker i årets val. 

Kurset skal vere ein trygg og informativ møteplass for alle som vil lære meir.

– Me ønskjer at deltakarane skal sitje igjen med ei kjensle av at dei stolar på valprosessen i Noreg, og at dei forstår betre kva dei ulike partia står for. Me håpar òg at fleire får lyst til å engasjere seg i politikk, seier Aareskjold.

– I eit demokrati er det viktig å få med alle. Me ønskjer at fleire skal bruke stemmeretten sin, og kjenne at dei høyrer til, legg Beate Hetleflåt, valansvarleg i Etne kommune, til.

Meld deg på her

FAKTA OM VALKURS 2025

  • Tid: 25. august kl. 18.00–20.00
  • Stad: Rådhuset i Vindafjord
  • Påmeldingsfrist: 19. august
  • Påmelding: https://dialog.vindafjord.kommune.no/dialogue/VIK-34
  • I påmeldingsskjemaet kan du melde frå om behov for tolk og kva språk du treng. Du kan også skrive inn spørsmål eller tema du ønskjer informasjon om.

Kva skjer på kurset?

  • Du får praktisk informasjon om stortingsvalet
  • Du lærer korleis du stemmer – både på valdagen og ved førehandsstemming
  • Lokale politikarar presenterer partia sine og kva dei står for
  • Det blir høve til å stille spørsmål frå salen