Alina-Maria RatoiuGjennom fellesskap og deltaking i sosiale aktivitetar hjelper ein velkomstven flyktningar med å bli kjent med det norske språket, kulturen og samfunnet. Dette frivillige engasjementet gjev ikkje berre den nyankomne eit betre grunnlag for integrering, men det gir også velkomstvenen ei unik moglegheit til å lære om ein annan kultur og skape nye vennskap.
Det siste året har Frivilligsentralen og integreringstenesta samarbeida om å kopla nybusette flyktningar saman med velkomsvener som har meldt si interesse. Nå ser ein resultatet av arbeidet og 23 år gamle Alina-Maria Ratoiu deler sine erfaringar som velkomstven for ein ukrainsk flyktning.
"Å vera velkomstven er ei kjekk og lærerik oppleving. Eg var heldig som fekk ein ven som er på min alder, og me fann fort tonen. Me har mykje til felles og finn alltid noko å snakke om. Som innvandrar sjølv forstår eg utfordringane ho står ovanfor, og eg veit kor viktig det er å ha nokon å lene seg på. Det har vore ein fantastisk moglegheit til å bygge eit sosialt nettverk."
Ein velkomstven og flyktningen kan finne på mange ulike aktivitetar saman, avhengig av interesser og behov. Nokre velkomstvener vel å møtast fast annakvar veke, medan andre har eit meir fleksibelt opplegg.
Alina fortel: " Til nå har me vært på kafe saman den første gangen når vi møttes. Etterpå har me vært heime hos meg med film, god mat og snacks og mykje prating for å bli betre kjend. Me har funne ein serie me begge likar, og me ser på han saman når me treffast. Me har også vore på bowling og hatt samankomstar med ein fleirkulturell gjeng av vener. Det er kjekt å kunne inkludere fleire i fellesskapet."
Mange opplev stor glede av å kunne hjelpe nokon som er ny i Noreg. Å støtte flyktningane i integreringsprosessen kan vera avgjerande for deira trivsel og moglegheit til å finne seg til rette i det norske samfunnet og den bygda dei bur i.
"Eg veit sjølv kor vanskeleg det er å integrere seg i eit nytt samfunn. Det å ha nokon som kan veilede og støtte deg, gjer ein enorm forskjell. Det føles ikkje ut som dette er noko eg "må" gjere, ettersom det fell naturleg for oss å henga saman når som helst" fortel Alina.
Som velkomstven kan ein møte nokre utfordringar, spesielt med språk og kommunikasjon. Men Alina fortel at det med ein kombinasjon av norsk, engelsk og eventuelt morsmål, samt hjelpemiddel som Google Translate, løyser dei fleste utfordringar seg. Det viktigaste er å ha tolmod og eit ope sinn.
Kven kan bli velkomstven?
Kommunen oppmodar fleire til å melde seg som velkomstvener. Alle kan bli velkomstven, og nå vil me sende ei ekstra oppmoding til ungdom og unge vaksne.
Kvifor bør du bli velkomstven?
Alina vil sterkt anbefale andre å bli velkomstven. «Å ha ein velkomstven er veldig viktig for både sosialisering og integrering i samfunnet, men det kan også hjelpe dei med å læra norsk dersom dei har nokon å snakka med.»
• Du får moglegheit til å hjelpe nokon med å finne seg til rette i Noreg
• Du kan lære om ein annan kultur og utvide ditt eige perspektiv
• Du bygger verdifulle vennskap og relasjonar
• Du bidreg til eit meir inkluderande samfunn
Kontakt oss
Ta kontakt med Vindafjord frivilligsentral dersom du vil melda deg som velkomstven eller berre vil ha litt meir informasjon.
Nelly Beate Vestbø: Nelly.Beate.Vestbo@vindafjord.kommune.no / 48 18 40 78