Viktig melding til innbyggjarar i Vindafjord kommune: Hepatitt A-utbrot i Oslo

Det er no eit utbrot av hepatitt A knytt til matservering ved Frognerseteren i Oslo. Talet på smitta aukar, og det er også påvist tilfelle i andre kommunar.

Innbyggjarar som dei siste 14 dagane har ete uemballert mat tilberedt og servert ved Frognerseteren, får tilbod om hepatitt A-vaksine. 

Vaksinen må takast innan to veker etter besøket. 

Personar som allereie er vaksinerte eller som har hatt sjukdomen før, treng ikkje vaksine. 

Illustrasjon av dame som har tatt vaksin - Klikk for stort bilete Illustrasjon/Copilot

Hepatitt A har lang inkubasjonstid (2–6 veker, vanlegvis rundt 4 veker). Symptoma varierer frå milde til alvorlege, og risikoen for alvorleg sjukdom aukar med alderen. 

Smitte skjer fekal-oralt, og dei smitta er mest smitteførande frå to veker før til éi veke etter at symptoma startar. 

Vaksinen er gratis, men du må betale 150 kroner for konsultasjon. 

Ta kontakt med vaksinekontoret på mobil 913 03 842 for timebestilling. Når du har fått time er oppmøte på helsestasjonen ved Rådhuset.