Viktig info til deg som har hatt covid-19

Personar som har gjennomgått covid-19 må ta éin vaksinedose for å få gyldig koronasertifikat. Før du vaksinerer deg, er det viktig at du sjekkar kva informasjon som er registrert på deg.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Har du hatt covid-19 for meir enn 6 månadar sidan, er det ikkje sikkert at det positive prøvesvaret vises i systemet som blir brukt som grunnlag for koronasertifikatet. Du bør også sjekka sjølv om det er mindre enn 6 månadar sidan du har gjennomgått covid-19.

Dersom du ikkje sjekkar og eventuelt får oppdatert informasjonen om deg før du tar vaksinen, må du ta to vaksiner for å få gyldig koronasertifikat. Under er nokre ulike scenarier.

Prøveresultatet vises, men du får ikkje koronasertifikat

Dersom resultatet vises i Prøvesvarvisning på Helsenorge.no med eit gyldig resultat, og du ikkje får godkjent koronasertifikat, ta kontakt med informasjonstelefonen 815 55 015.

Prøveresultatet manglar

Dersom resultatet manglar i Prøvesvarvisning, ta kontakt med staden du har blitt testa for å høyra om resultatet har blitt eller skulle ha blitt rapportert til Folkehelseinstituttet (FHI). 

Om det har det, bør teststaden ta kontakt med laboratoriet dersom det er feil i datagrunnlaget (feil dato, feil pasient, feil resultat og liknande). Fleire laboratorier gjer ikkje slike rettingar med mindre teststasjonen opplyser om at det er faktiske feil.

Prøvar som ikkje skal eller kan rapporterast

Dersom resultatet manglar i Prøvesvarvisning, og teststaden opplyser at denne prøven ikkje kan eller skal rapporterast til MSIS (meldingssystem for smittsame sjukdomar), bør du før vaksinasjonen ta antistoffserologi ved eit norsk laboratorium som rapporterer til MSIS.

Prøvar som ikkje kan eller skal rapporterast inn er i utgangspunktet berre antistoff hurtigtestar i Noreg og alle prøvar frå utlandet.

Negativ test

Enkelte kan ha behov for koronasertifikat grunna hyppige grensepasseringer. I den sammenheng minner me om at det også er mogeleg å få koronasertifikat for grensepassering basert på negativ test. Det samme gjeld ved innanlands bruk.

Det er også verdt å nemna at bruken av koronasertifikat innanlands ser ut til å bli begrensa. Per nå er det krav om gyldig koronasertifikat ved store arrangement og kystcruise.

Har du spørsmål, ta kontakt med vaksinekontoret på mobil eller e-post.

Kontaktinformasjon

Vaksinetelefonen
E-post
Telefon 91 30 38 42

Opningstid vaksinetelefonen
Tysdag, onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00