Vellukka nyttårsmottaking

Søndag 5. januar 2025 inviterte, tradisjonen tru, ordførar Ole Johan Vierdal til nyttårsmottaking på Ølen kulturhus, Sjøperlo. Det møtte over 300 personar, som fekk ein flott ettermiddag/kveld med variert program som blei avslutta med ein flott konsert frå Torbjørn Økland med gjester. 

Vel blåst for nyttårsmottakinga til ordførar Ole Johan Vierdal for 2025. Det var full sal på Ølen kulturhus, Sjøperlo søndag ettermiddag, over 300 i talet. Ordføraren opna etter fin dans frå kulturskulen si dansegruppe, som bestod av Ella Hustveit (8), Engla Nilsen Riber (8), Hannah Fosse (9), Jenny Haaland (9), Karoline Klungtveit Andersen (8), Rebekka Fjelltveit (9), Tiril Berge Opheim (8) og Una Espeland Grønstad (10). 

Dansegruppa til kulturskulen frå oppvarminga før nyttårsmottakinga Nils Erik Eide

Etter den flotte dansen frå elevane på kulturskulen opna ordføraren med eit tilbakeblikk på 2024, der kongebesøket i mai fekk mykje plass. Han måtte også nemne dei vanskelege politiske prosessane og vedtaka som måtte gjerast som følgje av demografien. Han var også stolt over at Vindafjord kommune tippa over 9000 innbyggjarar i 2024. 

Ordførar Ole Johan Vierdal såg tilbake på 2024 i opningstalen sin Nils Erik Eide

I år var det ein “ny vri” på nyttårstalen der ordføraren i staden hadde nyttårsprat med Vindafjord kommune sine Stortingsrepresentantar Terje Halleland (FRP), Tove Elise Madland (AP) og Lisa Marie Ness Klungland (SP). Det såg ut til å falle i god smak blant dei frammøtte. 

Orførar Ole Johan Vierdal under nyttårspraten med Terje Halleland (FRP), Tove Elise Madland (AP)og Lisa Marie Ness Klungland (SP) Nils Erik Eide

Etter denne hyggelege praten fekk salen hygge seg med nydeleg pianospel frå kulturskuleeleven David Irmia Hågensli.

Så var det dags for pause og då fekk dei frammøtte servert nydeleg kake og kaffe. Her var det også tid til ein god drøs. 

Kake og kaffe blei servert i pausen Nils Erik Eide

Etter pausen fekk publikum testa lattermuskulaturen då vikedalsbuen Henning Aarekol hadde eit kvarters stand up, der han reflekterte over året som gjekk og framheva kor viktig det er å ha trua på seg sjølv. Han sa også at prisvinnarane er gode forbilde for andre. 

Henning Aarekol fekk fram latteren til publikum under sitt 15 minutts stand up Nils Erik Eide

Så var det dags for prisar og markering. Gratulerer til Gudvin og Ingeborg Vågen som fekk omsorgs- og inkluderingsprisen. Dei fekk eit kunstverk av kunstnaren Jan Terje Rafdal. Gratulerer også til Tobias Aarekol og  Daniel Amundsen som delte kulturstipendet på 30.000 kroner. Desse prisane blei delt ut av utvalsleiar i OPOM Anne Cecilie Berentsen. 

Ingeborg og Gudvin Vågen fekk omsorgs- og inkluderingsprisen for 2024. Prisen blei delt ut av Anne Cecilie Berentsen, utvalsleiar OPOM Nils Erik Eide Runar Aarekol, far til prisvinnar Tobias Aarekol, mottok prisen på vegne av sonen sin. Nils Erik Eide Daniel Amundsen mottek kulturstipendet sitt Nils Erik Eide

Så var det klart for 2024 sine NM vinnarar og markering av dei. Amalie Aarekol (NM vinnar volleyball U16-lag), Aurelija Perednis (styrkeløft), Bertine Skipevåg Tveit (beachvolleyball U19 og U21), Ida MAria Ørnes (lag ryttersport), Alexander Berntsen (lagsjakk i VGS-klassen) og Annika Tökes Krokå (fullkontakt kyokushin karate U14, 60 kg). Sjå fleire bilde under i bildeserien. 

NM vinnarar 2024, Alexander Berntsen, Bertine Skipevåg Tveit, Amalie Aarekol, Ida Maria Ørnes, , Annika Tökes Krokå. Aurelija Perednis var ikkje til stades under markeringa. Nils Erik Eide

Etter NM vinnarane var det tid for heidring av NMK Vikedal for beste rallycross arrangement i Norge.

NMK Vikedal vann for beste rallycross arrangement i 2024 Nils Erik Eide

Autostore blei heidra for å vera vinnarar av nasjonal toppliga i dataspelet Counter-strike. 

Autostore vann nasjonal toppliga i Counter-strike Nils Erik Eide

Til slutt fekk publikum, over 300 personar, gleda av å få konsert med Torbjørn Økland med gjester beståande av ingen ringare enn Jan Toft, Gjertrud Økland, Rudolf Fredly, Vegard Fossum, HalvordLillesund. Lyd og Lys blei gjort på ein framifrå måte av ABC studio ved Kjetil Ulland og Jarle N. Åsheim.

Torbjørn Økland med gjester haldt ein flott konsert som avslutning på årets nyttårsmottaking Nils Erik Eide

Til å hjelpe seg med denne fantastiske kulturelle ettermiddagen hadde ordføraren fått med seg Anne Mettte Klungland, Inger Olaug Sandvik, Norunn Helland og Nils Erik Eide. 

Komiteen frå venstre Anne Mette Klungland, Inger Olaug Sandvik, Nils Erik Eide, Ole Johan Vierdal og Norunn Helland Kristin B. Holthe

Takk til alle som møtte opp denne ettermiddagen på Ølen Kulturhus.