Vellukka karrierekveld på Sjøperlo med over 100 som deltok

Over 100 deltakarar møtte opp då Vindafjord kommune inviterte til karrierekvelden “Framtida er her” på Sjøperlo 15. juli. 

Det vart ein inspirerande og sosial møteplass for unge og næringslivet i kommunen – med gode samtalar, nye kontaktar og mykje framtidshåp i lufta.

Arrangementet samla studentar, lærlingar og unge vaksne heime på sommarferie, som fekk høve til å møte spanande bedrifter frå regionen. 

Collage med deltakarane på karrierekvelden - Klikk for stort bilete

Her fekk dei høyre meir om kva verksemdene jobbar med – og kvifor Vindafjord er ein kommune med mange moglegheiter for framtida.

– Me håpar dette kan bli eit årleg arrangement, og eit viktig bidrag til å styrke omdømmet til kommunen som ein stad med spennande arbeidsplassar, seier arrangørane i Vindafjord kommune.

Dette fekk deltakarane oppleva:

  • Innsikt i karrieremoglegheiter i Vindafjord
  • Møte med lokale bedrifter og arbeidsgivarar
  • Nettverksbygging i ein uformell og sosial setting
  • Enkel servering og god stemning 


Tusen takk til alle som deltok og bidrog til å gjera kvelden så vellukka!

Sommarstudentar med blikk for framtida

I sommar har kommunen hatt gleda av å samarbeide med to dyktige sommarstudentar gjennom initiativet Sildikon Valley. Inger Constance Lunde og Vera Gjerde har utvikla karrierekvelden, og har bidrege med friske perspektiv, kreativitet og engasjement.

Me er stolte av innsatsen deira og glade for å kunne tilby slike moglegheiter til unge som ønskjer å bruke kompetansen sin i Vindafjord!