Etter talar frå både tidlegare og noverande rektorar/einingsleiarane, stod elevane sjølve i sentrum med song, musikk og underhaldning.
Bandet til 7. klasse leverte fleire gode innslag, og dansegruppa begeistra publikum.
Elevane hadde lagt ned mykje arbeid i forkant av jubileet.
Ei spennande tidsreise
Skulen var delt inn i tiår, fordelte mellom klassane, og etter underhaldninga var det open skule. Besøkande kunne gå frå klasserom til klasserom og oppleva ei spanande «tidsreise» gjennom skulen si historie.
Utstillingane tok for seg tema som musikk og song, mat gjennom tidene, mote og trendar, idrettsprestasjonar, samt økonomi og prisutvikling.
Kvart klasserom var forsøkt innreidd i tråd med sitt tiår, med tidsliner, nyheiter, gamle klassebilete og avisutklipp.
Det var òg laga quiz, der dei som fann svar i utstillingane kunne vera med i trekning av fruktkorg.
FAU bidrog sterkt til ramma rundt festen med kafé, der både gjærbakst og isbar stod på menyen. Det blei rapportert om god omsetning, og FAU hadde i tillegg ordna tre store kaker slik at alle gjester fekk servert jubileumskake – heilt gratis.
Nils Erik Eide/Vindafjord kommune
Fekk mimra om skuledagane
– Dette har vore eit svært vellukka arrangement. Det var mykje folk, også mange som starta skulegangen sin her då skulen var ny. Fleire tilreisande tok turen, og mange fekk høve til å mimra tilbake til eigne skuledagar, seier einingsleiar ved Sandeid oppvekstsenter, Inger Kathrine Sundve.
Stor interesse
Ho peikar på den store interessa for utstillingane og det gode engasjementet frå både elevar og publikum.
– Det var ganske fullt i klasseromma, og stor interesse for bilete, gamle avisutklipp og alt det elevane har jobba med. Ein kjekk dag for både store og små, avsluttar Sundve.
Jubileumsfeiringa blei ein minnerik dag som synte både historia, fellesskapet og skapargleda ved Sandeid skule – og kor mykje engasjement som ligg hjå elevane og lokalmiljøet.