Nav Vindafjord-Etne har denne veka gjennomført jobbmesse med godt oppmøte av motiverte arbeidssøkarar.
Godt oppmøte på jobbmessa. Standen til Vindafjord kommune var hyppig besøkt.Godt besøkt jobbmesse
Fire arbeidsgjevarar og eit opplæringskontor hadde stand og informerte om sine arbeidsplassar og behov for tilsette. Mange av arbeidssøkjarane var flyktningar frå Ukraina som deltar i introduksjonsprogrammet. Dei hadde førebudd seg godt med finpussa CV-ar og var aktive inn mot bedriftene for å synleggjera sin kompetanse og sitt ynskje om arbeid.
Programrådgivar, Ashraf Sabbagh, og rekrutteringskontakt, Helene Kringlebotten, var godt nøgde med jobbmessa og ynskjer seg fleire samarbeid med lokale bedrifter for å få fleire i arbeid.
Sist endra 31.01.2025 09.17