Vellukka jobbmesse for flyktningar

NAV i Vindafjord og Etne arrangerte 23.05 jobbmesse for flyktningar og andre med innvandrarbakgrunn på Sjøperlo. Teamleiar for integrering Miriam Aareskjold er veldig nøgd med arrangementet. 

Det var mange personar innom jobbmessa som NAV Vindafjord og Etne arrangerte for flyktningar på Sjøperlo. Nils Erik Eide

Lokale bedrifter og kommunane Etne og Vindafjord fekk vist seg fram til, og oppretta kontakt med, potensielle nye arbeidstakarar der dei stilte med standar på messa. Messa blei arrangert i samarbeid med samarbeid med NAV Marked Nord-Rogaland.

Teamleiar for integreringstenesta Miriam Aareskjold seier at jobbmessa var eit vellukka tiltak, som hadde besøkande med veldig variert bakgrunn og utdanning. 

Teamleiar for integreringstenesta i NAV Vindafjord-Etne (nr 2 frå høgre) var veldig nøgd med arrangementet, her saman med kollegaer frå NAV, f.v Helene Kringlebotten, Martin Munthe og Agnete Kallestadbakken heilt til høgre. Nils Erik Eide

Mangor Bårdsen, som jobbar i i avdeling teknisk som vaktmeister, fekk hadde med seg maskinar og utstyr som flyktningane kunne sjå på. Det var mange som var innom denne standen. 

Mangor Bårdsen frå teknisk avdeling viste med glede fram noko av utstyret han brukar på jobb for flyktningane som besøkte standen hans. Nils Erik Eide

Einingsleiar for kultur og læring, Ane Kesia Eide Fatland, var saman med mange av elevane på vaksenopplæringa denne dagen. 

Einingsleiar for kultur og læring Ane Kesia Eide Fatland (t.v) syntest dette var eit veldig bra tiltak med denne jobbmessa for flyktningar. Nils Erik Eide