Velkommen til Nav Vindafjord-Etne sitt bedriftsnettverk
Bedriftsnettverket er eit forum der Nav kan møta lokale bedrifter, gi informasjon og ha dialog om aktuelle tema knytte til arbeidsmarknaden og inkludering i arbeidslivet.
Kristine Thorsen Eikeland
Målet er at endå fleire skal få moglegheiter på arbeidsmarknaden, og då er eit nettverk der me kan koma i dialog med kvarandre, ein god start.
Temaet for bedriftsnettverket denne gongen er Nav som rekrutteringspartnar. Marknadsrådgjevarane ved Nav Vindafjord-Etne, Siri Stenberg og Helene Kringlebotten, vil informera om inkludering og korleis Nav kan bistå arbeidsgjevarar som treng arbeidskraft, samt kva tiltak og verktøy som kan nyttast.
Dato: 19. november
Tid: 09.00–10.30
Stad: Nav Vindafjord-Etne, Dreganesvegen 36 B, 5580 Ølen
Målgruppe: Bedriftsleiarar og HR-medarbeidarar
Påmelding innan 17. november til kristin.tofte@nav.no
Publisert 28.10.2026 10:13
Sist endra 27.10.2026 10:14