Velkommen til karrierekveld: Framtida er her i Vindafjord

Denne sommaren inviterer Vindafjord kommune studentar som er heime i ferien, lærlingar og unge i etableringsfasen til ein inspirerande karrierekveld på Sjøperlo i Ølen.

Her får du moglegheit til å:

  • møta spennande bedrifter frå Vindafjord
  • høyra kva dei jobbar med, og kvifor nettopp du bør vurdere ei framtid her
  • byggja nettverk med ein framtidig arbeidsgjevar
Karrierekveld. Vera og Constance i 2025 - Klikk for stort bilete

Arrangementet er gratis. Det blir servert tapas frå Biografen.

Enten du er student, lærling, elev eller berre nysgjerrig på kva moglegheiter som finst i regionen, er dette ein kveld du ikkje vil gå glipp av.

Dato: 8. juli
Stad: Sjøperlo, Vindafjord
Tid: Kl. 18:00

Program og meir informasjon kjem snart.

Lenkje til påmelding

Verksemdene som deltek, blir publiserte fortløpande – følg med:

Få informasjon om det som skjer her

Det er fleire spanande namn på veg – kanskje finn du din framtidige arbeidsgjevar blant dei?

Frå karrierekvelden 2025 - Klikk for stort bileteFrå karrierekvelden 2025Karrierekveld 2026 plakat - Klikk for stort bilete Plakat