Velkomen til julekonsert med KORe’ Vindafjord

KORe’ Vindafjord held i år to julekonsertar. Måndag 30. november syng dei i Vikebygd kyrkje. Tysdag 8. desember held dei konsert i Ølen Kyrkje.

Bilete frå julekonsert i Sandeid kyrkje i fjor. Oddbjørn Mangrud

Korleiar Nils Erik Eide gler seg til årets julekonsertar, som har vore ein årleg tradisjon i mange år. Koret turnerer mellom dei ulike kyrkjene i kommunen, og i år går turen til Vikebygd og Ølen.

– Julekonserten skal vera ein stad der du kan komma, senkja skuldrene, pusta ut og få litt julestemning i ein ellers travel kvardag. Konserten passar for alle aldrar. På repertoaret står både klassiske norske julesalmar og internasjonale julesongar. Det vert både korsong og solistinnslag.

Dei fleste av dei rundt 25 songglade medlemmene i KORe’ Vindafjord er tilsette i Vindafjord kommune. Dei øver ein gong i veka, og mange har sunge saman sidan koret blei starta i 2007.

Du kan besøka nettsida www.korevindafjord.no for oppdatert informasjon om kva som rører seg hos KORe’ Vindafjord.