Har du kjent på følelsen av å ikkje strekka til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet, og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser. Du er ikkje åleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja?
Vindafjord kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshaldarar tilbyr kurs til deg som har barn under skulealder.
Prosjekt «Trygge foreldre på Haugalandet»
Vindafjord kommune deltek i prosjektet «Trygge foreldre på Haugalandet». Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr foreldre kurs i programmet Circle of Security-Parenting (COS-P). På norsk kallar me kurset for Tryggleikssirkelen. Kurshalderane er godkjente COS-P-rettleiarar.
Nettlenke til informasjon om prosjektet “Trygge foreldre på Haugalandet”
Målgruppe
Foreldre busette i Vindafjord kommune, med barn under skulealder.
Om kurset
Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forsking innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnet sitt behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.
Kurset er delt opp i kapittel. Me brukar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.
Tidspunkt og påmelding
Kurs på ettermiddager, på Skjold skule:
Kurshaldarar blir helsesjukepleiar Natalie Hellerslien og Ragnhild Thorsen frå familieteamet.
Påmelding eller spørsmål til kurset i Skjold kan sendast Ragnhild Thorsen på e-post: ragnhild.thorsen@vindafjord.kommune.no eller på telefon 90 51 28 74.
Kurset går over 8 gonger, på torsdagar klokka 17.00 til om lag klokka 19.00:
- Torsdag 25.01.24
- Torsdag 01.02.24
- Torsdag 08.02.24
- Torsdag 15.02.24
- Torsdag 22.02.24
- Pause i vinterferien
- Torsdag 07.03.24
- Torsdag 14.03.24
- Torsdag 21.03.24
Kurs på ettermiddager, på rådhuset i Ølen:
Kurshaldar blir helsesjukepleiar Bjørg A. Stokland og Ingunn Langballe frå familieteamet.
Påmelding eller spørsmål til kurset i Ølen kan sendast Ingunn Langballe på e-post: Ingunn.Langballe@vindafjord.kommune.no eller på telefon 95 78 61 00.
Kurset går over 8 gonger, på torsdagar klokka 17.00 til om lag klokka 19.00:
- Torsdag 15.02.24
- Torsdag 22.02.24
- Torsdag 07.03.24
- Torsdag 14.03.24
- Torsdag 21.03.24
- Pause i vinterferien
- Torsdag 04.04.24
- Torsdag 11.04.24
- Torsdag 18.04.24
Evaluering av kurset
Me ønsker å vita meir om korleis foreldre opplever kurset og om det er til hjelp. Det vil difor bli gjort ei evaluering. Om foreldre ønsker å bidra til evalueringa vil dei bli bedne om å svara på nokre spørsmål anonymt. Alle vil få meir informasjon om dette før kursstart, og dei som ønsker å delta vil bli bedne om å gi sitt samtykke til dette.
Deltakinga er frivillig, og du kan delta på foreldrekurset utan å delta i evalueringa. Det vil også vera høve til å trekka seg frå evalueringa undervegs eller etter kurset dersom du ønsker det.